Graveløyve

Skal du grave over, under eller langs ein fylkesveg? Da må du søke til Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Når må du søke?

  • Når du skal graving over, under eller langs ein fylkesveg og 
  • Når du skal legge ny, reparere eller fjerne kablar langs, over eller under fylkesveg
  • Du må søke både om trasé og gravearbeidet

Krav til søknaden 

Kva kostar det?

Sjå kva det kostar å søke om graveløyve

Slik søker du

Søk om graveløyve

Rettleiar - slik fyller du ut og sender inn søknaden 

Søknadsfrist

Du må sende søknaden minimum  fire veker før planlagd oppstart av arbeidet.  

Akutte reparasjonar 

Ved brot på leidning, der det er akutt utbetringsbehov, er det nok at Vegtrafikksentralen blir varsla på telefon 175. Søknad sendast digitalt så snart som råd.  

Arbeidsvarsling 

Krava om arbeidsvarsling gjeld også for graving og framføring av kablar. Det er Statens vegvesen som behandlar alle søknadar om arbeidsvarsling. Om den som utførar arbeidet ikkje har generell arbeidsvarslingsplan må søknad sendast til Statens vegvesen første kvardag etter at arbeidet starta.

Brukonstruksjonar 

Om arbeidet er i knytt til til brukonstruksjonar skal eige skjema for avtale om framandinstallasjonar (PDF, 158 kB) i bruer følge søknaden. 

Anna nyttig informasjon

Kontakt oss om graveløyve

Send e-post