Kva kostar det å søke om graveløyve?
Enkel sak utan synfaring - 1600 kroner.
Med enkel sak er meint søknad om legging og/eller flytting av leidning som inneber:
- punktgraving for å sette ned eller skifte inntil fem stolpar
- punktgraving for å montere eller skifte kabelskap, kummar eller liknande som ligg utanfor vegkant
- punktgraving for å avdekke og/ eller knyte samen eksisterande trekkerørsom ligg utanfor vegkant
- éi kryssing av fylkesveg med leidning over eller under vegen
- føring av ny leidning i luftspenn inntil éin kilometer inkludert éi kryssing avvegen i luftspenn, med bruk av eksisterande stolpar
- legging av enkeltståande vatn og- avløpsleidning til ein enebolig/
tomannsbolig inkludert graving og påkopling til offentleg vatn- og avløpsnett - graving inntil 40 meter langs fylkesveg utanfor vegkant, inkludert éi
kryssing med boring gjennom veg
Enkel sak kan også omfatte saker som etter saksbehandlaren sitt skjønn blir vurdert som enkel.
Større sak - 6300 kroner.
Med større sak er meint søknad om legging og/ eller flytting av ledning som ikkje er definert som ei enkel sak, eller som etter saksbehandlaren sitt skjønn blir vurdert som ei større sak.
Førehandssynfaring - 2000 kroner.
Førehandssynfaring i tråd med forskrift om saksbehandling og ansvar ved legging og flytting av ledninger over, under og langs offentlig veg § 7.
Endringar i søknad - 2000 kroner
For endringar i innvilga søknad, som inneber ny saksbehandling, er gebyret
sett til 2000 kroner.
Fylkeskommunen utsteder og sender faktura for gebyr i den enkelte sak når vedtak om graveløyve er fatta.