Søk om reklame langs vegen

Du må søke om lov til å sette opp reklame som retter seg mot eller er synlig for bilistane på vegane våre.

Kvifor må du søke?

Reklame langs vegen kan hindre sikten og vere trafikkfarleg i til dømes kryss eller ved gangfelt. Reklame kan også ta merksemda til trafikantane bort frå vegen og trafikken. På fortau og gangvegar kan reklame vere til hinder for fri ferdsel, særleg for syns- og forflytningshemma.

Det er ikkje lov å sette opp reklame på eigedomsområdet til offentleg veg og på vegutstyr utan løyve. Slik reklame kan Møre og Romsdal fylkeskommune fjerne frå sin grunn utan varsel.  

Reklame festa på bygningen verksemda blir drive frå, og som berre viser firmanamn eller kva type verksemd det er, krev ikkje løyve.  

Variabel reklame 

Utanfor tettbygd strøk gjeld eit generelt forbod mot reklame som endrar bodskap meir enn ein gong i døgnet. Innanfor tettbygd strøk, der fartsgrensa er 50 km/t eller lågare, gjeld forbodet berre ved lyskryss og rundkøyringar.

Søknad om reklame langs veg

Søk om reklame langs veg

Slik blir søknaden vurdert

Søknaden blir vurdert ut frå trafikkfare, til dømes om reklamen hindrar fri sikt eller distraherer trafikantar på det staden den er tenkt plassert.

Anna nyttig informasjon

Veglova om reklame langs veg

Forskrift om forbud mot variabel reklame langs offentleg veg

Handbok V323 Reklame og trafikkfare