Søknad om avkøyrsel

Skal du bygge eller endre avkøyrsel på ein eigedom som ligg langs ein fylkesveg? Da treng du godkjenning. 

Når treng du godkjenning?

Du treng godkjenning om du skal:

  • bygge ny avkøyrsel
  • flytte eller endre utforming av avkøyrsel
  • endre eller utvide bruken av avkøyrsel

Er du i tvil om du treng å søke, kontakt oss på telefon 71 28 00 00  eller send e-post til post@mrfylke.no.

Kva er ein avkøyrsel?

Ein avkøyrsel er tilknytningspunktet mellom eigedommen og ein offentleg veg, eller mellom privat og offentleg veg.

Sjekk vegen din før du søker

Sjekk kva haldningsklasse vegen har i dette kartet.

Haldningsklassa til vegen gir føringar for kva krav som blir stilt og kva haldning du kan vente til søknaden din. Klikk på vegen din i kartet for å få ei forklaring på haldningsklassa. Kartet syner kva haldningsklasse dei ulike vegane i Møre og Romsdal har, på ein fargeskala frå lite streng (grøn) til meget streng (raud).

Avklar med kommunen før du søker

Nødvendige dispensasjonar frå kommunen etter plan- og bygningslova må vere innvilga før du sender søknaden. Legg ved kopi at vedtaket frå kommunen i søknaden.

Slik søker du

Søknadar om avkøyrslar til fylkesveg i Møre og Romsdal blir behandla av fylkeskommunen. Du søker gjennom felles søknadsportal på Statens vegvesen sine nettsider. 

Søk om avkøyrsel (Statens vegvesen sine nettsider)