Veglistene viser kva for vekter og dimensjonar som er tillatne for køyretøy og vogntog på riksvegar, fylkesvegar og kommunale vegar.
Du kan sjå veglistene her:
Veglister for riksveger, fylkesveger og kommunale veger | Statens vegvesen
Ønske om endring i veglistene
Veglistene byggjer på kor mykje vegane og bruene toler, breidda på vegen og korleis han er utforma. Vi oppdaterer listene når vegar eller bruer blir utbetra, eller når vi får ny informasjon.
Meiner du at ei vegstrekning bør vurderast på nytt? Send oss eit forslag til endring.
Kva er spesialtransport?
Køyretøy og last må halde seg innanfor dei vektene og dimensjonane som er tillatne på vegen.
Spesialtransport er transport av køyretøy eller last som er så tung, lang, brei eller høg at han ikkje kan gjennomførast innanfor dei vanlege grensene. For slik transport må du søke om dispensasjon for transport.
Søk om dispensasjon for spesialtransport
Statens vegvesen behandlar søknader om dispensasjon for spesialtransport.
Søknaden sender du inn gjennom VegSak:
- Opprett brukar dersom du ikkje har brukt VegSak tidlegare
- Logg inn i VegSak
- Send inn søknaden
Du må sende søknaden til Statens vegvesen seinast tre virkedagar før transporten skal gjennomførast.
Når treng du tilsegn frå fylkeskommunen?
Skal du køyre spesialtransport på ein fylkesveg som ikkje står i veglistene 12/65 eller 12/100, må du først få tilsegn frå Møre og Romsdal fylkeskommune som vegeigar. Legg tilsegna ved søknaden til Statens vegvesen.
Går transporten berre på vegar som står i vegliste 12/65 for mobilkran eller 12/100 for spesialtransport, treng du ikkje tilsegn frå vegeigaren. Du kan då søke Statens vegvesen direkte om dispensasjon, så lenge transporten er innanfor grensene i veglista.
Søk om tilsegn frå fylkeskommunen
Søknad om tilsegn sender du til dokumentsenteret med kopi til saksbehandlar.
Søknaden må innehalde informasjon om:
- Dato for transport
- Vegsystemreferanser for transport (frå - til)
- Vekt og dimensjonar for transport
- Registreringsnummer køyretøy
Saksbehandlingstid: Inntil 5 arbeidsdagar.
Dokumentsenter
Telefon: 71 28 04 60
E-post: dokpost@mrfylke.no
Saksbehandlar for veglister og tilsegn
Marte Kringstad Holmen
Telefon: 451 35 929
E-post: marte.kringstad.holmen@mrfylke.no