Varslinga gjeld desse vegane:
- Fv. 5829 Otterdal, Volda kommune
- Fv. 5891 Fyrde-Straumshamn, Volda kommune (påmeldingsvarsel)
- Fv. 5892 Leira-Viddal, Volda kommune
- Fv. 5897 Dalsfjorden, Volda kommune
- Fv. 5926 Norddalsstranda, Fjord kommune
- Fv. 5928 Fjørå-Tafjord, Fjord kommune
- Fv. 63 Eidsdal-Geiranger, Fjord og Stranda kommunar
- Fv. 655 Norangsdalen, Stranda og Ørsta kommunar
- Fv. 6012 Øverås-Eikesdal, Molde kommune
- Fv. 6142 Gjøra-Hafsåsen (Fjellgardsvegen), Sunndal kommune
Ønskjer du SMS-varsling om nokon av desse vegane blir stengt?
Du bli automatisk varsla om du bur eller eig ei bedrift innafor desse strekningane. Du treng heller ikkje melde deg på varsling dersom du har folkeregistrert adresse innafor desse områda og ikkje har reservert deg mot elektronisk kommunikasjon i Kontakt- og reservasjonsregisteret.
Meld deg på varsling
Logg deg inn i varslingsportalen og meld deg på SMS-varsling. Du er meldt på sms-varsling når det står "ja" bak strekninga du ønskjer varsel for og feltet har blå markering.
Du kan melde deg av eller gjere endringar i varslingsportalen når du ønsker det.
Ikkje fått varsel?
Sjekk opplysingane dine og om du har reservert deg mot elektronisk kommunikasjon frå det offentlege i Kontakt- og reservasjonsregisteret. Om du har reservert deg mot elektronisk kommunikasjon frå det offentlege må du melde deg på varslingstenesta.
Trafikkmeldingar
Alle trafikkmeldingar blir lagt ut av Vegtrafikksentralen på www.175.no.