Skoleskysskortet er eit elektronisk reisekort eleven skal lese av kvar gong hen går om bord på bussen eller hurtigbåten.
Elevar som er innvilga skoleskyss for første gang, får utlevert skoleskysskortet på skolen. Om eleven allereie har eit skoleskysskort, blir dette oppdatert automatisk.
Ta godt vare på skoleskysskortet, dette blir brukt alle åra eleven har rett til gratis skoleskyss, både i grunnskole og i vidaregåande skole.
- Skoleskysskortet gjeld på strekninga mellom bustad og skole
- Kortet gir rett til skyss til og frå skolen i ordinær starttid og sluttid for undervisninga
- Kortet fungerer som ein billett med to reiser kvar dag med undervisning, inkludert overgang (ei reise til og ei frå skolen)
- Gjeld berre på dagar med undervisning på skolen
- Kortet inneheld informasjon om strekning og reisetid som gjeld eleven personleg
- Eleven skal ikkje låne ut kortet til andre
Ved feil på kortet eller tap av kortet, ta kontakt med skolen.
Gløymd kort
Eleven får vere med om morgonen, sjølv om skoleskysskortet er gløymd. Føresette eller eleven må sjølv ta kontakt med skolen for å få eit midlertidig kort til heimreisa. Utan kort må eleven betale for heimreisa sjølv.
Misbruk av kortet eller sniking på bussen/hurtigbåten kan føre til gebyr. Det blir gjennomført billettkontrollar.
Oppdatering av skoleskysskort
Av og til treng skoleskysskortet ei oppdatering.
- Når eleven har godkjent søknad om gratis skoleskyss treng hen å oppdatere årleg ved skolestart
- Har eleven endra adresse, skolestad eller reisemåte (hurtigbåt) treng hen å oppdatere
- Har eleven får eit nytt kort treng hen å oppdatere
Slik oppdaterar du kortet
Oppdateringa gjer eleven ved å legge kortet på billettlesaren på bussen/hurtigbåten heilt til lesaren lyser grønt eller raudt. Det er viktig å ikkje avbryte denne oppdateringa. Ver tolmodig, det kan ta litt tid.