Skoleskysskortet er eit elektronisk reisekort du skal lese av kvar gong du går om bord på bussen eller hurtigbåten.
Får du innvilga skoleskyss for første gong, får du utlevert skoleskysskortet på skolen. Om du allereie har eit skoleskysskort, blir dette oppdatert automatisk.
Ta godt vare på skoleskysskortet, dette blir brukt alle åra du har rett til gratis skoleskyss.
- Skoleskysskortet gjeld på strekninga mellom bustad og skole
- Kortet gir rett til skyss til og frå skolen i ordinær starttid og sluttid for undervisninga
- Kortet fungerer som ein billett med to reiser kvar dag med undervisning, inkludert overgang (ei reise til og ei frå skolen)
- Du kan ikkje bruke kortet i samanheng med ekskursjonar og andre aktivitetar i skoletida, og utplassering på vidaregåande skole
- Gjeld berre på dagar med undervisning på skolen
- Kortet inneheld informasjon om strekning og reisetid som gjeld deg personleg
- Du skal ikkje låne ut kortet til andre
Ved tap av kortet, ta kontakt med skolen. Ved feil, meld inn feilen på skoleskysskortet.
Gløymd kort
Du får vere med om morgonen, sjølv om du har gløymd skoleskysskortet. Du må sjølv ta kontakt med skolen for å få eit midlertidig kort til heimreisa. Utan kort må du betale for heimreisa sjølv.
Misbruk av kortet eller sniking på bussen/hurtigbåten kan føre til gebyr. Det blir gjennomført billettkontrollar.
Oppdatering av skoleskysskort
Av og til treng skoleskysskortet ei oppdatering.
- Når du har godkjent søknad om gratis skoleskyss treng du å oppdatere årleg ved skolestart
- Har du endra adresse, skolestad eller reisemåte (hurtigbåt) treng du å oppdatere
- Har du får eit nytt kort treng du å oppdatere
Slik oppdaterar du kortet
Oppdateringa gjer du ved å legge kortet på billettlesaren på bussen/hurtigbåten heilt til lesaren lyser grønt eller raudt. Det er viktig å ikkje avbryte denne oppdateringa. Ver tolmodig, det kan ta litt tid.