Tilrettelagt transport (TT-kort)

Transporttenesta (TT-ordninga) er eit tilbod om drosjetransport frå dør til dør, for personar som på grunn av funksjonshemming har vesentlege vanskar med å reise med kollektivtransport.

TT- ordninga skal dekke fritidsreiser for brukarar som på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming har problem med å reise med kollektivtransport.

For kva gjeld TT- ordninga?

TT-ordninga gjeld fritidsreiser som ikkje er betalt av andre, som for eksempel reiser til behandling hos lege/sjukehus. I slik tilfeller er det NAV/Helseforetaka som betalar reisa.

Nye retningsliner

Fylkestinget har vedteke nye retningsliner, gjeldande frå og med 1. januar 2025. (PDF, 942 kB) Og har samstundes vedteke at TT-budsjettet frå og med 2024 blir redusert frå 15 millionar til 10 millionar kroner. Som ein konsekvens av dette må talet på brukarar i ordninga reduserast.

Blir ikkje TT- kortet nytta over ein samanhengande periode på 12 månader, blir godkjenninga som TT-brukar trekt tilbake og kortet sperra. Brukar må då søkja på nytt og setjast på venteliste.

Vær merksam på følgjande som gjeld frå 2024

  • Det blir innført eigenandel på 40 kroner per reise frå 1. januar 2024
  •  TT-kortet kan ikkje brukast til å dekkje eigenandelen
  • Eksisterande TT-brukarar må søkje om TT-midlar for 2025 etter dei nye retningslinene 
     

Spørsmål knytt til TT-ordninga rettast til søkjar sin bustadkommune.

Eigen NAV-ordning for arbeids- og utdanningsreiser

Om du har varige flyttingsvanskar og ikkje kan reise til og frå arbeids- eller utdanningsstad med offentlege kommunikasjonsmiddel, kan du hos søke NAV om stønad til arbeids- og utdanningsreiser med drosje.  
Les meir om NAV si ordning på deira nettsider.

Slik søkjer du 

Det er din bustadkommune som behandlar søknadar om TT-kort. Du sender søknaden til kommunen, saman med legeerklæring som er utfylt av lege.

Retningsliner

Les gjeldande retningsliner for transporttenesta for funksjonshemma i Møre og Romsdal. (PDF, 942 kB)

Søknadsskjema


Informasjon til søkjar på TT-ordning (PDF, 730 kB)

Legeerklæringskjema


Informasjon til lekjar om utfylling av legeerklæring TT-ordning (PDF, 731 kB)

Spørsmål om TT-ordninga