TT-kort (tilrettelagt transport)

Transporttenesta (TT-ordninga) er eit tilbod om drosjetransport frå dør til dør, for personar som på grunn av funksjonshemming har vesentlege vanskar med å reise med kollektivtransport.

Møre og Romsdal fylkeskommune overtek frå 1. juli 2026 ansvaret for all brukargodkjenning og klagehandsaming knytt til TT‑kort. Samstundes trer nye retningslinjer i kraft. Desse inneber mellom anna at brukersonene M1 og M2 blir slått saman, og at årleg tildeling for denne brukargruppa blir auka til 4 500 kroner for året 2026. Det vil samtidig bli gjort frådrag for tildeling som allereie er gitt for første halvår 2026, frå same dato som fylkeskommunen overtek ansvaret for TT‑ordninga.

Fylkeskommunal ordning

TT- ordninga skal dekke fritidsreiser for brukarar som på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming har problem med å reise med kollektivtransport. 

Utvida ordning

I tillegg til eiga ordning søker fylkeskommunen årleg Samferdselsdepartementet om midlar under «utvidet ordning». Etter statlege retningslinjer er desse midlane meint for blinde, svaksynte og rullestolbrukarar. Ordninga er under revidering med mål om at ordninga skal gjelde fleire brukargrupper.

Kven kan søke om utvida ordning

Viss du i ein tidlegare søknad om TT allereie har dokumentert at du er blind, svaksynt eller brukar rullestol, treng du ikkje dokumentere dette på nytt. Dersom det har skjedd endringar i din funksjonsevne, må du legge ved oppdatert legeerklæring. For synshemma må det i tillegg leggjast fram dokumentasjon frå øyelege med WHOs kategoriar.

For kva gjeld TT- ordninga?

TT-ordninga gjeld fritidsreiser som ikkje er betalt av andre, som for eksempel reiser til behandling hos lege/sjukehus. I slik tilfeller er det NAV/Helseforetaka som betalar reisa.

Spørsmål om TT-ordninga

Har du spørsmål om TT-kortet ditt?

Har du spørsmål om TT-kortet ditt, må du ta kontakt med kommunen du bur i. Kontaktinformasjon finn du på nettsida til kommunen din. 

Nye retningsliner

Fylkestinget har vedteke nye retningsliner, gjeldande frå og med 1. januar 2025. (PDF, 291 kB) Og har samstundes vedteke at TT-budsjettet frå og med 2024 blir redusert frå 15 millionar til 10 millionar kroner. Som ein konsekvens av dette må talet på brukarar i ordninga reduserast.

Blir ikkje TT- kortet nytta over ein samanhengande periode på 12 månader, blir godkjenninga som TT-brukar trekt tilbake og kortet sperra. Brukar må då søkja på nytt og setjast på venteliste.

Vær merksam på følgjande som gjeld frå 2024

  • Det blir innført eigenandel på 40 kroner per reise frå 1. januar 2024
  •  TT-kortet kan ikkje brukast til å dekkje eigenandelen
  • Eksisterande TT-brukarar må søkje om TT-midlar for 2025 etter dei nye retningslinene 

 

Eigen NAV-ordning for arbeids- og utdanningsreiser

Om du har varige flyttingsvanskar og ikkje kan reise til og frå arbeids- eller utdanningsstad med offentlege kommunikasjonsmiddel, kan du hos søke NAV om stønad til arbeids- og utdanningsreiser med drosje.  
Les meir om NAV si ordning på deira nettsider.

Slik søker du 

Det er din bustadkommune som behandlar søknadar om TT-kort. Du sender søknaden til kommunen, saman med legeerklæring som er utfylt av lege.

Søknadsskjema 

Søknadskjema for søker på TT-ordninga (DOCX, 36 kB)

Legeerklæring

Skjema for legeerklæring TT-ordninga (DOCX, 36 kB)

Skjema tilfredsstiller per no ikkje alle krav til universell utforming. Skjema blir avpublisert etter søknadsfrist og det blir lagt ut nytt skjema når det er klart.

Informasjon til søkar på TT-ordning (PDF, 730 kB)
Informasjon til leker om utfylling av legeerklæring TT-ordning (PDF, 731 kB)

Retningsliner

Les gjeldande retningsliner for transporttenesta for funksjonshemma i Møre og Romsdal. (PDF, 291 kB)