Om TT-kort ordninga

Transporttenesta (TT-ordninga) er eit tilbod om drosjetransport frå dør til dør, for personar som på grunn av funksjonshemming har vesentlege vanskar med å reise med kollektivtransport. 

Møre og Romsdal fylkeskommune tok over ansvaret for all brukargodkjenning og klagebehandling knytt til TT-kort frå 1. juli 2026.

TT-ordninga er ikkje eit lovfesta tilbod og ingen søker har automatisk rett til eller krav på transporttilbodet.

Fylkeskommunal ordning

TT- ordninga skal dekke fritidsreiser for brukarar som på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming har problem med å reise med kollektivtransport.  

https://www.nav.no/arbeids-og-utdanningsreiser  

Utvida ordning  

I tillegg til den ordinære ordninga, søker fylkeskommunen årleg Samferdselsdepartementet om midlar gjennom «utvida ordning». Etter statlege retningslinjer er desse midlane øyremerka blinde, svaksynte og rullestolbrukarar.

Overbygde rullestolar, kraftige terrengrullestolar til utandørs bruk eller scooterar vert ikkje rekna som elektrisk rullestol. 

Dersom det har skjedd endringar i funksjonsevnen din, må du legge ved oppdatert erklæring frå lege/sakkyndig. For synshemma må det i tillegg leggast fram dokumentasjon frå augelege, der synet er vurdert etter WHO sine kategoriar (visus 0,33 eller lågare på det beste auget). 

Få tilsendt informasjon og skjema på papir

Om du ønsker å få tilsendt informasjon og/eller søknadsskjema på papir ring telefon 71 28 00 00