Kven kan få TT-kort?
Det er din helsetilstand som avgjer om du får TT-kort. Du kan søke om TT-kort dersom du:
- på grunn av fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting ikkje kan bruke kollektivtransport
- har store vanskar med å bruke kollektivtransport
Dette gir ikkje rett til TT-kort
- Tap av førarkort og manglande rutetilbod vert ikkje vektlagt i søknad om TT-ordning.
- Vanskar med å bere varer, bagasje eller anna mellom heim og haldeplass, bratte bakkar eller lang veg til haldeplass.
Slik søker du
Det er fylkeskommunen som behandlar søknadar om TT-kort. Du må sende både søknad og legeerklæring, som er fylt ut av lege.
Søknadskjema TT-kort
Skjema for legeerklæring
Viktig å vite
- Ein lege kan ikkje innvilge TT-kort, men skal gi forvaltninga nok grunnlag for å vurdere TT-kort søknaden.
- Legeerklæringa må sei noko om grunnen til at søkeren har redusert reiseevne (diagnose og beskrivelse av utfordringer med å reise kollektivt).
- TT-kortet blir utbetalt to gongar i året, 1. januar og 1. juli
- Det du ikkje brukar i løpet av første halvår, blir overført til neste halvår
- Det du ikkje brukar i løpet av 31. desember, blir ikkje overført vidare til neste kalenderår
- Det er ein eigenandel på 40 kroner per reise
- TT-kortet kan ikkje brukast til å dekke eigenandelen
- Det er ikkje mogleg å søkje om ekstra reisebeløp ut over innvilga beløp for brukersonen.
- Kortet er gyldig i 2 eller 5 år. Når gyldigheitstida går ut, må du søke på nytt.
- TT-kortet gjeld fritidsreiser
- Skyss til avlastning/dagtilbud og turer i regi av institusjoner eller helse og velferdssenter blir ikkje dekt gjennom ordninga.
- Ordninga dekker ikkje reiser som blir betalt av andre ordningar
- Reiser til lege, sjukehus og anna behandling, blir ikkje dekt gjennom TT-ordninga
Egen NAV-ordning for arbeids- og utdanningsreiser
Du kan søka NAV utvida ordning til arbeids- og utdanningsreiser.
Pasientreiser
Reiser til og med medisinsk behandling blir dekt og administrert av ordninga for Pasientreiser.
Kontakt
Har du spørsmål om TT-kortet ditt, kan du ta kontakt med: post@mrfylke.no