Trafikktrygging

Fylkeskommunen gir mellom anna støtte til trafikktryggingstiltak langs fylkesvegar og kommunale vegar.

Støtte til fysiske trafikktryggingstiltak

Kommunane kan søke om midlar til fysiske trafikktryggingstiltak på fylkesvegar og kommunale vegar, til for eksempel sikring av skolevegar. Tilskot gjennom ordninga dekker 50 prosent av tiltaket, resten dekker kommunane.

Les meir og søk støtte til trafikktrygging

Trafikksikre kommunar

I samarbeid med Trygg Trafikk har fylkeskommunane utarbeidd kriterium for godkjenningsordninga Trafikksikker kommune . For Møre og Romsdal er ambisjonen at fleire kommunar skal bli sertifiserte.

Kriteria for å bli godkjende som Trafikksikker kommune stiller krav til dokumentasjon frå dei ulike etatane i kommunen. Kriteria tar utgangspunkt i lovar og forskrifter kommunen er pålagde å følge, slik at det ikkje vil medføre ekstraarbeid for kommunen, kun ei systematisering av trafikktryggingarbeidet.

Å få denne godkjenninga betyr ikkje at det ikkje skjer trafikkulykker, men viser at kommunen arbeider målretta og systematisk for å auke trafikktrygginga.

Les meir om ordninga på Trygg trafikk sine nettsider.