Retningsliner for støtte til fysiske trafikktryggingstiltak

1 Informasjon om tilskotsordninga

Tilskot gjennom ordninga dekkjer 50 % av tiltakets kostnad. Tilskot gjennom denne løyvinga skal nyttast til å mellom anna sikre skolevegar gjennom fysiske tiltak på fylkesvegar og kommunale vegar. Møre og Romsdal fylkeskommune sender i mai kvart år ut brev til alle kommunane i fylket, der dei inviterast til å søke om tilskot. Invitasjonsbrevet inneheld informasjon om kva kommunane kan søke om tilskot til, vilkår for prosjekta, kva slags prosjekt som vil bli prioritert, søknadsfristar m.v. Det sendast også ut eit prosjektskjema som må fyllast ut for kvart enkelt prosjekt.

Søknaden skal innehalde følgande opplysningar:

  • Kva kommune som søkar om tilskot 
  • Prosjektnamn
  • Stadnamn/strekning 
  • Beskriving av problemet ein ønsker å løyse 
  • Beskriving av prosjektet 
  • Totale anleggskostnadar og søknadsbeløp 
  • Eksisterande planer, politisk behandling av plan og kva slags vedtak som eventuelt er fatta 
  • Behov og status for grunnerverv 
  • Kommunens kontaktperson for prosjektet 
  • Oversiktskart/skisse som viser lokalisering av prosjektet 

Ved tildeling ber vi om at kommunane legg den kommunale trafikktryggingsplana til grunn for søknaden om tilskot til trafikktryggingstiltak, jf. St. prp. nr. 1 1998-99 (Samferdselsdepartementet).

For tildeling av midlar fysiske trafikktryggingstiltak sett Møre og Romsdal fylkeskommune følgjande vilkår:

  • Prosjekta må vere godt dokumenterte, og det må gå fram av kart og omtale kva for problem prosjekta vil løyse. 
  • Prosjekta må i hovudsak vere ferdig planlagde før oppstart og gjennomføring. For tiltak som krev regulering må det føreligge ei godkjent reguleringsplan ved søknadstidspunktet. 
  • Grunnerverv må vere ordna frå kommunen si side i søknaden. 
  • Kommunal del av finansiering må vere garantert for ved søknadstidspunktet. 
  • Mindre prosjekt skal gjennomførast i tildelingsåret. 
  • Større prosjekt skal gjennomførast seinast året etter tildeling. 
  • Det vil vere ein fordel om tiltaket er prioritert i kommunens trafikktryggingsplan.
  • Det gis ikkje tilskot til kommunar som har allereie har prosjekt som ikkje er ferdigstilt og utbetalt frå Møre og Romsdal fylkeskommune. 

 

Det vil prioriterast prosjekt som har eit godt søknadsgrunnlag, med ferdig grunnerverv og vedteke reguleringsplanar der det blir kravd. Det vil vidare leggast vekt på i kva grad tiltaka har ein trafikktryggingseffekt. Det er og ein fordel om tiltaket er prioritert i kommunen sin trafikktryggingsplan. I dei tilfelle der to like tiltak må vurderast opp i mot kvarandre, vil kommunen som har tiltaket i gjeldande trafikktryggingsplan bli prioritert. 

Tidlegare års tildelingar vil og leggast til grunn, for å sikre mest mogleg lik behandling av kommunane. I oktober kvart år leggast det fram ei politisk sak for Samferdselsutvalet om fordelinga av midlar til fysiske trafikktryggingstiltak med kommunetilskot (50/50). Tildelinga blir vedtatt i dette møtet.