4 Krav til rapportering og rutinar ved utbetaling av tilskot
Undervegs i prosjekta må kommunane levere ein framdriftsrapport som gir informasjon om status i pågåande prosjekt. Når kommunen har gjennomført prosjekt dei har fått tilskot til, må kommunen sende inn ei oppmoding om utbetaling, vedlagt sluttrapport og avslutta rekneskap til Møre og Romsdal fylkeskommune for å få utbetalt tilskotet. Vi gjer merksam på at tilskotet er eit nettotilskot.
Sluttrapport/rekneskap der kostnader eksklusiv MVA kjem fram, skal vere attestert av kommunerevisor
Spesielt om erverv av grunn og innmåling av ferdigvegdata:
Kommunen er ansvarleg for grunnavtaler, oppmåling og matrikkelføring av veggrunnen. Før utbetaling av tilskotet skal kommunen oversende kopi av grunnavtaler, eventuell utskrift av skjønn, og dokumentasjon på at nye veggrenser er matrikkelført.
Innmåling av ferdigvegdata er å sjå på som ein del av anleggskostnadene, og skal utførast som ei del av utbygginga. Dette medfører at alle endringar i kartgrunnlag, både over og under bakken, som følgje av prosjektet skal målast inn etter gjeldande objektlister