3 Tilbakemelding
Når politisk vedtak er fatta sender Møre og Romsdal fylkeskommune tilbakemelding til alle kommunar som har søkt om tilskot.
Kommunane som får tilskot vil få tilbakemelding på kva prosjekt dei får tilskot til, og tilskotets størrelse. Vilkåra vil og vere beskrive i tildelingsbrevet.
Kommunane må, etter mottatt tildelingsbrev, melde tilbake til Møre og Romsdal fylkeskommune om vilkåra for tilskotet er akseptert. Kommunane som ikkje får tilskot i tildelinga vil få ei tilbakemelding på kvifor dei ikkje blei prioritert.