2 Vilkår for tilskotsordninga
Tilskotsordninga baserer seg på ein kostnadsdeling av anleggskostnaden av prosjektet. Det vil seie at kostnader til planlegging (utarbeiding av reguleringsplan) og kostnader til administrasjon må dekkjast av kommunen. Kommunen må og dekkje kostnader til erstatning av grunn og ulemper. Kostnader knytt til prosjektering, riving og flytting av bygningar og oppsetjing av veglys inngår i anleggskostnaden. Kommunane får refundert meirverdiavgift frå staten gjennom momskompensasjonsordninga på tiltak der kommunen sjølv blir ståande som grunneigar av anlegget. Meirverdiavgift skal derfor ikkje dekkjast av tilskotet og heller ikkje inngå i den totale anleggskostnaden. Mottakar av tilskot er ansvarleg for overskridingar på prosjekt/tiltak utover kostnadsoverslaget som er lagt til grunn ved tildelinga. Ved eventuell kostnadsreduksjon blir tilskot 50% av dei reelle kostnadene.
Tiltak som ikkje er utført innan fristen for sluttrapportering mistar tildelinga, da fylkeskommunen er opptatt av at midlar til trafikktrygging kjem «ut på vegen» til rett tid. I særskilte høve kan det, etter søknad, bli innvilga overføring av midlar til året etter.
Mottakar av tilskotet har plikt til å varsle fylkeskommunen så snart som mogleg viss prosjektet ikkje lar seg gjennomføre etter vilkåra (teknisk/fagleg, økonomisk eller til rett tid).
Kommunale vegar
Kommunar som mottar tilskot, vil være byggherre for tiltaket det gis midlar til. Videre er byggherre ansvarleg for at tiltaket gjennomførast i tråd med søknaden. Trafikktryggingstiltak med kommunetilskot inneber inga formell godkjenning av tekniske planar for prosjekt som gjeld kommunale vegar, men der prosjekt grensar mot fylkesvegar skal fylkeskommunen godkjenne detalj- og byggeplanar. Dersom fylkeskommunen ser det nødvendig skal det og opprettast gjennomføringsavtalar.
Fylkesvegar
I dei tilfelle kommunane skal utføre tiltaket på fylkesvegnettet, må det opprettast gjennomføringsavtalar og justeringsavtale knytt til meirverdiavgift. Anlegg i kommunal regi på og langs fylkesvegar, eller som på annan måte grip inn i vårt vegnett, skal ikkje setjast i gong før det vert helde oppstartsmøte med representantar frå fylkeskommunen til stades. I prosjekt som gjeld fylkesveg skal fylkeskommunen godkjenne detalj- og byggeplanar.
Bygging av gang- og sykkelveg langs «gamle fylkesvegar» for desse tilskotsmidlane krev at den enkelte kommune tar på seg ansvar for drift og vedlikehald, på lik linje med gangog sykkelvegar langs desse fylkesvegane elles.