Drosjeløyve

For å drive drosjetransport må du ha eit drosjeløyve. Eit slikt løyve er ei godkjenning på at du oppfyller krava til å drive drosjetransport.

Søke drosjeløyve

Søknader om drosjeløyve blir sendt inn via Altinn. Du må legge ved noen attester i søknaden. Det er også ei rekke krav til deg som søkar du må sette deg inn i. 

Sjekk hva du må ha klart før du søker og kva vilkåra for å søke er, på Altinn sine sider. 

Søk om drosjeløyve

Pris

Godkjende søknadar kostar 3700 kroner per løyve.

Kva skjer etter at søknaden er sendt inn?

Søknaden blir behandla så snart den er mottateken med alle dokumentasjon. 

I brevet med vedtak om tildeling av drosjeløyve blir det opplyst om storleiken på behandlingsgebyret, kontonummer gebyret skal innbetalast til, og at innbetalinga må merkast med: Drosjeløyve, organisasjonsnummer og organisasjonsnamn.

Så snart betalinga er registrert som innbetalt i fylkeskommunen sitt økonomisystem blir løyvedokumentet sendt til søkar.

Har ikkje fylkeskommunen motteke betaling innan tre månadar blir søknaden avvist og heilt ny søknad om løyve må sendast inn.

Krav til deg som har drosjeløyve

Har du drosjeløyve er det noen regler du må forholde deg til, blant annet krav til utstyr i drosjen, merking av drosjen og andre regler.

Reglar og krav til deg som har drosjeløyve

Ikkje einerettar i Møre og Romsdal

Per i dag er det ikkje einerettar på drosjetransport i Møre og Romsdal.