Ruteløyve

Dei som vil drive persontransport som skal gå i rute må, i tillegg til turvognløyve, ha et eige ruteløyve.

Anbodskonkurransar eller søknad?

Løyve for persontransport mot betaling, blir i hovudsak tildelt gjennom konkurranse. Det vil seie, at transportøren vinn konkurransen om ei rute/rutepakke som fylkeskommunen har lyst ut. Men det er også mogleg å søke om ruteløyve utan at fylkeskommunen har lyst ut eit ledig løyve.

Behovsprøving og politisk behandling

Søknad om ruteløyve er behovsprøvd og blir behandla politisk. I Møre og Romsdal er det samferdselutvalet som behandlar slike saker.

Krav til søknad om rutetransport

Dersom du søker om ruteløyve, skal søknaden innehalde dokumentasjon på at søkaren fyller yrkestransportforskrifta sine krav til vandel, økonomi og fagleg kvalifikasjon. I tillegg skal forslag til rute- og taksttabell ligge ved søknaden.

Behandlingstid

Det kan ta noko tid før søknader om ruteløyve er ferdig behandla. Grunnen er at søknadane blir sendt ut på høyring og behandlinga blir lagt til allereie bestemte møtedatoar.