Skal du søkje om drosjeløyve så finn du informasjon om det her.
Innhald
Når må du køyre?
Det er ikkje lenger noko krav til å halde løyvet i drift til visse tider eller på visse stader. Føretaket kan sjølv velje når det vil køyre. Drosjesentralar og andre føretaket har kontrakt med, kan stille eigne krav til føretaket om når løyvet skal vere i drift.
Kvar kan du køyre?
I utgangspunktet kan drosjene køyre kor dei vil i heile Noreg, fordi det ikkje lengre finst løyvedistrikt eller stasjoneringsstader. Merk at det finst nokre unntak.
Kven kan du køyre for?
Fylkeskommunen kan ikkje lenger påleggje føretaket å vere knytt til ein drosjesentral. Det betyr at drosjeeigarar som vil vera tilslutta ein drosjesentral, må ha ei avtale med sentralen. Så lenge føretaket og sentralen er einige, kan føretaket køyre for kva for helst sentral. Dersom føretaket vil drive for seg sjølv eller køyre for ein annan sentral, må føretaket seie opp dei avtalane føretaket har med sentralen i dag.
Oppseiingstida vil i slike tilfelle stå i avtalen med sentralen og føretaket treng ikkje å seie opp drosjeløyvet sitt dersom føretaket vil byta sentral eller drive for seg sjølv.
Fylkeskommunen kan innføre einerettar
Per i dag er det ikkje einerettar i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen bestemmer kva for område som skal vere einerettsområde i forskrifta og det blir anbodskonkurranse om kontraktar for einerettane.
Einerettane fungerer omtrent som dei gamle løyvedistrikta og beskyttar dei som har einerettar mot konkurranse. Dersom føretaket ikkje har eineretten i eit området, kan føretaket ikkje utføre drosjetransport i form av praiing, oppstilling på haldeplass, eller bestilling av enkeltturar i det området eineretten gjeld for.
Einerettar påverkar ikkje kontraktsmarknaden, så andre enn den som har einerett kan ha kontraktar om til dømes skuleskyss eller pasienttransport. Føretaket må setje seg inn i kva einerettar som gjeld i det fylket føretaket vil køyre.
Fylkeskommunen kan innføre miljøkrav
Fylkeskommunen kan fastsette forskrift om øvre grense for miljøskadeleg utslepp for drosjekøyring. Grensene kan variere frå kommune til kommune. Kva som er grensa for kvar kommune, og når føretaket må oppfylla krava, vil vi informere om på fylkeskommunen sine nettsider.
Føretaket må setje seg inn i kva for miljøkrav som gjeld i det fylket føretaket vil køyre.
Tilbakekalling av drosjeløyve
Fylkeskommunen kan kalle tilbake drosjeløyve dersom føretaket ikkje oppfyller krav og vilkår for å ha løyve, eller ikkje rettar seg etter lover, forskrifter og vilkår for å drive løyvet.
Krav om bankgaranti
Foretaket treng ei garantierklæring frå bank eller forsikringsselskap med ein kroneverdi tilsvarende 5 000 euro for det første løyvet, og 2 500 euro for kvart løyve utover dette. Garantierklæringa skal sendast direkte frå banken/forsikringsselskapet til løyvemyndigheita, før søknaden din kan behandlast.
I 2024 er garantisummen 57 000 kr for det første løyvet og 28 000 kr for kvart løyve utover dette.
Krav om bankgaranti fortset for utvida drosjeløyver, såkalt maxi-taxi, og løyver for transport av funksjonshemmede registrert over åtte personar i tillegg til førar.
For løyvehavere som har fått tildelt drosjeløyve før 1. januar 2023 gjeld krava i yrkestransportforskrifta § 7 fjerde ledd (garanti for drosjar) frå 1. januar 2024.
Kompetansekrav
Yrkestransportlova § 9 stiller krav til at søkar oppfyller krav om tilfredsstillande fagkompetanse for å bli tildelt drosjeløyve.
Kravet til fagkompetanse er oppfylt dersom søkar:
- kan legge fram vitnemål for bestått drosjeløyveeksamen frå Statens vegvesen
- hadde drosjeløyve før 1. november 2020
- oppfyller fagkompetansekrava for gods- eller turvognløyve
- har fått godkjenning frå Statens vegvesen på vitnemål eller kompetansebevis skrive ut av offentleg styresmakt i annan EØS-stat eller Sveits som bevis på tilsvarande kompetanse
Maksimalprisforskrifta
I Møre og Romsdal er berre kommunane Ålesund og Kristiansund som er halde unna maksimalpris.
Føretaket må sette seg inn i og følge Forskrift om takstberekning og maksimalprisar for løyvepliktig drosjetransport med motorvogn. Føretaket må sette seg inn kvar maksimalpris gjeld i det fylket føretaket køyrer.
Taksameter og loggføring
Føretaket må følgje Forskrift om krav til taksameter.
Føretaket må loggføre den geografiske posisjonen til drosja, som markerar start- og sluttpunkt for kvar tur. Opplysningane skal lagrast i 60 dagar.
Kontakt Justervesenet for meir informasjon om krav til taksameter og loggføring.
Endringar og opphøyr
Føretaket må melde frå til fylkeskommunen dersom det endrar namn. Endrar føretaket organisasjonsnummer/føretaksnummer (eksempelvis ved byte av organisasjonsform) må føretaket søke om nye løyve for det nye organisasjonsnummeret.
Føretaket må melde frå om endring av innehavar/dagleg leiar eller transportleiar.
Endrar føretaket dagleg leiar/transportleiar, må føretaket melde frå til fylkeskommunen innan 28 dagar frå endringa. Den nye daglege leiaren/transportleiaren må dokumentere god vandel ved å sende fylkeskommunen politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar.
Oppseiing av drosjeløyve
Ønskjer føretaket å seie opp drosjeløyvet, må føretaket gi beskjed til fylkeskommunen og levere tilbake løyvedokumentet.
Først når løyvet er motteke hos oss og registrert som stansa i løyvedatabasen, vil mellom anna Justervesenet sjå at det ikkje skal utførast kontroll av taksameter lengre.
Det er ikkje oppseiingstid overfor fylkeskommunen, men det kan vere at føretaket har ei avtale som inneber oppseiingstid ovanfor sentralen.
Køyretøy som skal nyttast til drosjekøyring
Køyretøya må:
- vere registrert som drosje i køyretøyregisteret
- ha installert godkjent taksameter
- ha montert godkjent taxilampe
- ha merking med løyvenummer på sidedører
Merking av drosje
- Løyvenummeret og køyreseddelen skal vere synleg frå passasjeren sin plass.
- Utvendig skal drosja vere merka på sidedøra med fylkesbokstav og løyvenummer.
- Om løyvenummeret byrjar med ein eller fleire nullar, er det ikkje nødvendig å ta med desse.
- Merkinga skal vere minst 10 cm høg og i ein farge som står i kontrast til fargen på bilen.
- Yrkestransportforskrifta § 48 seier at drosje skal ha montert godkjend taklampe etter Forskrift om tekniske krav og godkjenning av køyretøy, delar og utstyr (køyretøyforskrifta) § 28-4 nr. 12, med mindre løyvehavar har fått dispensasjon frå krava.
- Drosje må ha taklampe merka «TAXI» i tillegg til fylkesbokstav og løyvenummer, for å køyre i kollektivfelt.
- Krav om taklampe vil gjelde for føretak som søker og blir tildelt løyve etter 1. januar 2023.
- For føretak som har løyve tildelt før 1. januar 2023, gjeld krav om taklampe frå 1. januar 2024 (uavhengig om dei har sett løyvet i drift eller ikkje).
- Føretak som fekk drosjeløyve før endringa den 1. november 2020 beheld løyvenummeret dei har i dag og det er ikkje naudsynt å skifte ut løyvedokumentet – men føretaket må merke sidedøra på bilen med løyvenummeret.
- Føretak tildelt drosjeløyve etter 1. november 2020 får fylkesnummer 15 og fylkesbokstav MR, til dømes skal då drosjeløyve 15 03 002001 vere merka «MR 2001» på sidedør. Eventuell taklampe skal vere merka «TAXI MR 2001».
Krav til sjåfør
- sjåføren må ha køyresetel utskrive av Politiet i tillegg til førarkort
- køyresetelen er gyldig i heile landet
- for å få køyresetel må ein ha bestått drosjesjåføreksamen hos Statens vegvesen, eller ha yrkessjåførkompetanse for persontransport, og hatt førarkort utan avbrot i minst 2 år
Anna relevant informasjon om løyver
Drosjeløyve knytt til bil med 10–17 sitteplassar (inkludert førar) og løyve for transport for funksjonshemma knytt til bil med 10–17 sitteplassar (inkludert førar) gjeld til 1. november 2025.
Løyve varer ikkje lenger til fylte 75 år, men føretaket må fornye løyve kvart tiande år.
Føretak som allereie har drosjeløyve når dei nye reglane trer i kraft 1. november 2020, må altså fornya løyvet sitt innan 1. november 2030.
Etter 1. november 2020 er ikkje lenger mogleg å bortbestyre løyve.
Føretaket må i staden ta stilling til om føretaket vil seie opp løyvet, skaffe sjåfør eller la løyvet vere ute av drift i ein periode.