Prop. 39 L (2023-2024) gjeninnfører kravet om sentraltilknytingsplikt for drosjeløyve, som inneber at den som har drosjeløyve må vere knytt til ein drosjesentral med drosjesentralløyve - og at løyvehavar får rapporteringsplikt til sentralen.
Kravet om sentraltilknyting vart innført frå og med 1.3.2025 og er no forlengd til 1.4.2025.
For nye drosjeløyve tildelt etter 1.4.2025 gjeld ein frist på inntil 2 månader etter dato for tildeling, for å knyte seg til ein drosjesentral som har drosjesentralløyve.»
Løyvehavar må sjølv kontakte den aktuelle drosjesentralen for å bli tilknytt sentralen. Løyvehavar kan vera tilknytt fleire sentralar. Løyvehavar må varsle fylkeskommunen om kva sentral føretaket er tilknytt.
Er ikkje løyvehavar knytt til sentral innan 2 månaders fristen, skal løyvet kallas tilbake.
Drosjesentralen skal melde til fylkeskommunen når ein løyvehavar avsluttar tilknytinga til sentralen.
Opphaveleg frist for å oppretta drosjesentral og bli tildelt drosjesentralløyve var den 1. september. Som ei overgangsordning får likevel alle føretak som ønskjer å opprette drosjesentral frist til 28. februar 2025 for å få drosjesentralløyvet på plass.
Prosessen med drosjesentralløyve er forseinka. Den enkelte løyvehavar må passe på å sjekka nettsidene frå fylkeskommunane, der ei oversikt over sentralar som opererer i Møre og Romsdal fylke vil verte lagt ut og oppdatert fortløpande.
Informasjon om forskrifta
Informasjon om drosjesentralløyve og korleis opprette og søkja om drosjesentralløyve finn du her.