Gjennom ungdomspanelet skal ungdom i Møre og Romsdal ha reell medverknad, påverke politiske saker i fylkeskommunen, auke ungdommar sitt samfunnsengasjement og bidra til opplæring og erfaring i demokratiske prosessar.
UNG stemme 2024-2026 (PDF, 2 MB)
Møteplan
Medlemer
Ungdomspanelet skal vere eit rådgivande organ for Møre og Romsdal fylkeskommune i alle saker som gjeld ungdom. Ungdomspanelet kan sjølv ta opp saker dei ønsker fremme for administrasjonen eller politiske organ i fylkeskommunen.
Ungdomspanelet skal ha ni medlemmar og fem varamedlemmar. Ungdommens fylkesting tilrår medlemmar og varamedlemmar samt leiar og nestleiar til ungdomspanelet. Tilrådinga går til fylkestinget som vel ungdomspanelet. Ungdomspanelet blir valt blant delegatane på ungdommens fylkesting og det sittande ungdomspanelet. Alle dei tre regionane skal vere representert, og det skal vere kjønnsbalanse jf. likestillingslova § 28. Det bør vere ei balansert samansetting frå by og land. Ungdomspanelet vel leiar og nestleiar blant medlemmene.
Les meir om ungdommens fylkesting
Ungdomspanelet sin årsrapport 2022-2024 finn du her.
Reglement for ungdomspanelet
Søk på ungdomsmidlane
Pressebilde av ungdomspanelet finn du i FotoWeb