Ungdomsmidlane

Ungdomsmidlane er ei tilskotsordning der Ungdommens fylkesråd i Møre og Romsdal fylkeskommune deler ut midlar til prosjekt og aktivitetar for ungdom i fylket. Ungdommens fylkesråd disponerer ei årleg økonomisk ramme på 250 000 kroner, som blir fordelte på to tildelingar kvart år.

Kven kan søke?

Målgruppa for tilskotsordninga er ungdom i Møre og Romsdal som ikkje mottek anna støtte frå fylkeskommunen. Ungdomsmidlane skal gå til tiltak for ungdom mellom 13 – 19 år.  Kommunale ungdomsråd og ungdomsklubbar vil bli prioriterte ved tildeling.

Søknad

Send søknad her

Kva kan du søke støtte til?

Ungdomsmidlane skal gå til prosjekt som:

  • bidrar til ungdomsengasjement
  • gir alternative aktivitetar for ungdom
  • skapar fellesskap og deltaking
  • er opne for fleire
     

Du kan for eksempel søke støtte til:

  • arrangement eller møteplassar for ungdom
  • aktivitetar og prosjekt som samlar ungdom
  • utstyr knytt til aktivitetar for ungdom

Ungdomsmidlane kan ikkje brukast til:

  • drift av organisasjonar eller tiltak
  • lønn eller honorar

Arrangement som ikkje er opne for fleire, vil ikkje bli prioriterte. Dette er for eksempel tiltak som berre er for medlemmar, eller der det blir teke inngangspengar.

Når kan du søke?

Midlane blir delte ut to gonger i året:

  • april
  • desember

Ungdommens fylkesråd annonserer søknadsfristar i god tid før kvar tildeling. Informasjon om søknadsperiodar og søknadsskjema blir publisert på denne sida.
For søknader som kjem inn meir enn éin månad før neste tildeling, vil søkar få melding om når neste tildeling skjer.

Behandling av søknader

Administrasjonen sørger for at:

  • søkarar får rask tilbakemelding om behandlinga av søknaden
  • alle søkarar får tilsagnsbrev eller avslag etter behandling i ungdommens fylkesråd

Utbetaling av midlar

Midlane blir ikkje betalte ut før tiltaket er gjennomført eller sett i gang. Mottakar må kunne dokumentere gjennomføring, for eksempel med kvittering eller faktura. Ved tildeling blir det sett ein siste frist for når midlane må vere brukte.

Kontroll og rapportering

Dei som har fått støtte, kan bli kontrollerte av Ungdommens fylkesråd eller fylkesrevisjonen. Kontrollen skal sikre at midlane blir brukte til det formålet det er søkt om.

Fylkeskommunen kan krevje pengane tilbake dersom:

  • midlane ikkje blir brukte slik det er søkt om
  • rapporteringa ikkje er god nok  

Viktig å vite

  • Alle søknader blir rekna som offentlege dokument og blir publiserte på fylkeskommunen si postliste
  • Pengar som ikkje er brukte i tråd med søknaden, skal betalast tilbake