Restartløypa – ei felles digital kursløype for bibliotektilsette i Møre og Romsdal

Restartløypa – ei felles digital kursløype for bibliotektilsette i Møre og Romsdal

Vi inviterer bibliotektilsette i Møre og Romsdal til fagleg påfyll om kunnskapstenester i folkebiblioteka. Det blir ei kursløype med fire digitale samlingar i september 2024.

Dato
26. september 2024
Tid
9:00 - 10:30
Stad
Digitalt møte

I kursløypa tar vi utgangspunkt i læringsressursen «Kunnskapsaktør – kursløyper og teksthefte», som ligg på bibliotekutvikling.no. Denne læringsressursen er laga for å ta eit heilt nytt grep om biblioteka si rolle som kunnskapsaktør og for jamleg kompetanseheving.

 

Kursløypa er kalla Restartløypa og er ei av sju kursløyper som er laga i prosjektet Formidlingskompetanse i folkebibliotek (FiF) innan satsingsområdet biblioteka som kunnskapsaktør. Ei undersøking i FIF-prosjektet viser at berre fire av ti tilsette i folkebiblioteka er trygge i rolla som kunnskapsformidlar og opplever tryggleik i å rettleie brukarar i søk.

 

Restartløypa skal bidra til å auke tryggleiken til bibliotektilsette som kunnskapsaktørar, ei av dei viktigaste rollene biblioteka har.

 

Tilsette i alle bibliotek i Møre og Romsdal er velkomne til å melde seg på. For den enkelte bibliotektilsette blir dette ei god moglegheit til å knyte kontaktar med kollegaer i andre kommunar i fylket.

 

Kursløypa tar utgangspunkt i læringsressursen på bibliotekutvikling.no. Denne er utvikla som del av prosjektet Formidlingskompetanse i folkebibliotek, støtta av Nasjonalbiblioteket. 

Om samlingane

Det vil vere fire digitale samlingar, og til kvar samling skal deltakarane førebu seg noko. Vi deler inn i mindre grupper for gruppearbeid. Samlingane blir leia av Mona Iren Auganæs og Anne Askeland frå seksjon for kultur og folkehelse i Møre og Romsdal fylkeskommune.

 

Meir informasjon om førebuing til kursa og lenker til møta blir sendt på e-post til deltakarane etter påmelding.

 

Deltaking er på Teams og det er venta at du som er med deltar aktivt i samlingane. Sjekk derfor at mikrofon og aller helst kamera fungerer. Dette er ekstra viktig fordi det blir inndeling i mindre grupper der det skal vere refleksjon og samtalar. Det blir ikkje gjort opptak.

 

Målgruppe

Bibliotektilsette i Møre og Romsdal

 

Pris

Det er gratis å delta

 

Påmelding

Hugs at du må registrere deg til kvart enkelt arrangement.

 

Kontakt

Mona Iren Auganæs og Anne Askeland

 

Arrangør

Møre og Romsdal fylkeskommune

Andre tidspunkt

  1. Fredag, 06.09.2024 09.00 - 06.09.2024 10.30
  2. Fredag, 13.09.2024 09.00 - 13.09.2024 10.30
  3. Torsdag, 19.09.2024 09.00 - 19.09.2024 10.30
  4. Torsdag, 26.09.2024 09.00 - 26.09.2024 10.30