Nettverkssamling: Friskliv, læring og meistring

Nettverkssamling: Friskliv, læring og meistring

Ressursgruppa for friskliv i Møre og Romsdal ønsker frisklivssentralane i fylket velkommen til ei fysisk heildagssamling i Kristiansund, onsdag 13. november. Sett av dagen i kalenderen din allereie no – meir informasjon kjem etter kvart.

Dato
13. november 2024
Tid
9:00 - 16:00
Stad
Politimester Bendixens gate 54, Kristiansund

Program

  • Fagleg påfyll: Vi har sett saman eit spennande program med faglege innlegg. Tema vil bli annonsert nærare arrangementet.
  • Erfaringsutveksling og refleksjon: Dette er ein flott moglegheit for deltakarane å dele erfaringar, diskutere utfordringar og lære av kvarandre.
  • Gruppearbeid: Vi vil ha praktiske gruppeøkter der deltakarane kan samarbeide om konkrete problemstillingar og løysingar.

Det vil komme meir informasjon og detaljert program etter kvart.

 

Arrangørar

Samlinga blir arrangert av ressursgruppa for friskliv i Møre og Romsdal. Denne gruppa består av representantar frå:

  • Utviklingssentralen i Kristiansund
  • Frisklivssentralen i Sula
  • Møre og Romsdal Idrettskrets
  • Møre og Romsdal fylkeskommune

 

Målgruppe

Dette arrangementet er retta mot tilsette ved frisklivssentralar, folkehelsekoordinatorar og relevante leiarar og beslutningstakarar.

 

Pris

Samling med lunsj er dekka av Møre og Romsdal fylkeskommune

Overnatting

Overnatting 12.–13. november dekkast for tilreisande av Møre og Romsdal fylkeskommune. Behov for overnatting meldast i påmeldingsskjema.

 

Påmelding

Meld deg på samlinga

 

Frist for påmelding er måndag 7. oktober.

 

Kontaktperson

Maren Ormsettrø