-
Tidspunkt
-
Onsdag 04.09.2024 10.30 - torsdag 05.09.2024 13.00
-
Stad
-
Trondheim
I samarbeid med Møre og Romsdal idrettskrets inviterer vi kommunane i fylket til tur til Trondheim for å sjå på ulike anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Vi vil sjå på anlegga i
- Granåsen – ski- og skiskytteranlegg, hoppanlegg, aktivitetspark, toppidrettssenter, fotballhall m.m.
- kunstgrasbane
- paraidrettssenteret på Ranheim med fokus på universell utforming
- friluftslivanlegg ved Ladestien
Trondheim kommune med fleire vil informere undervegs om planlegging og bruk av anlegga. Det blir befaringer i Trondheim på onsdag ettermiddagen og torsdag frem til lunsj.
Buss og overnatting
Det blir sett opp buss frå Molde, med avreise onsdag kl. 10.30. Det vil bli delt ut enkel lunsj på bussen.
I Trondheim skal vi bo på Clarion Hotel Trondheim, eit av Skandinavias største kongresshotell som ligg rett ved Trondheimsfjorden.
Bussen går tilbake til Molde torsdag ettermiddag, ca. kl. 13.
Målgruppe
Hovudmålgruppa er dei som jobbar med anlegg til idrett og fysisk aktivitet i kommunane. I tillegg vil vi gjerne ha med representantar frå idrettsråd, særkretsar, og friluftsråd/friluftslivsorganisasjonar.
Påmelding
Meld deg på studieturen til Trondheim
Påmeldingsfristen er sett til fredag 9. august.
Det er eit avgrensa tal plassar, berre 40 personar. Påmelding garanterer ikkje automatisk plass, men du vil få ei stadfesting frå oss når påmeldingsfristen har gått ut, om du får plass.
Pris
Det vil i utgangspunktet ikkje koste noko for deltakarane frå og med reisa startar med buss i Molde til vi er tilbake i Molde.
Dersom du må melde deg av etter at påmeldingsfristen har gått ut, eller etter at du har fått stadfesta plass, vil det likevel føre til at du må betale ein eigenandel.