Tilskotswebinar

Tilskotswebinar

Velkommen til årets digitale samling om tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune ved kulturavdelinga. 

Dato
19. september 2024
Tid
9:00 - 11:00
Stad
Digitalt møte

Vi ønsker alle som søker tilskot hos oss velkommen til årets tilskotsseminar (eller frå og med i år – tilskotswebinar)!

 

Dette er tredje (eller fjerde? Vi har mista teljinga!) gong vi inviterer til ei digital samling kor tema er tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune, ved kulturavdelinga. No har vi altså arrangert dette seminaret, eller webinar som det jo eigentleg er, såpass mange gonger at det kan kallast ein tradisjon.

 

Agenda for årets webinar er ikkje heilt satt enda, men meld deg gjerne på likevel – så får du i alle fall møtet inn i kalenderen din.

 

Vi gler oss til to timar ilag med dykk!

Meld deg på webinaret