Tilskotswebinar

Tilskotswebinar

Velkommen til årets digitale samling om tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune ved kulturavdelinga. 

Dato
19. september 2024
Tid
9:00 - 11:00
Stad
Digitalt møte

Vi ønsker alle som søker tilskot hos oss velkommen til årets tilskotsseminar (eller frå og med i år – tilskotswebinar)!

 

Dette er tredje (eller fjerde? Vi har mista teljinga!) gong vi inviterer til ei digital samling kor tema er tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune, ved kulturavdelinga. No har vi altså arrangert dette seminaret, eller webinar som det jo eigentleg er, såpass mange gonger at det kan kallast ein tradisjon.

 

Program

  • Ny og enklare søknadsportal
  • Informasjon om klagerett og korleis den fungerer
  • Informasjon om driftstilskot og dei andre ordningane som opnar for nye søknadar i løpet av hausten

 

Desse ordningane er opne i haust

Utover hausten opnar vi mange ordningar som er relevante for deg som har eit arrangement, tiltak eller prosjekt innan kunst, kultur, idrett, folkehelse eller friluftsliv.

  • Driftstilskot
  • Friluftslivsaktivitet
  • Møremusikarordninga
  • Prosjektstøtte til profesjonell kunst og kultur
  • Prosjekt og tiltak allmennkultur og idrett
  • Prosjekt og tiltak kulturminne, kulturmiljø og friluftsliv
  • Tiltak i statleg sikra område
  • Brannsikring i tette trehusområde
  • Fartøyvern
  • Freda bygg i privat eige – frå før 1537
  • Tekniske og industrielle kulturminne
  • Verdsarv

I tillegg opnar også for søknadar om masterstipend for dei som skal levere oppgåve våren 2025.

 

Meld deg på!

Vi gler oss til to timar ilag med dykk!

Meld deg på webinaret