Frukostwebinar: Korleis jobbar ei sentrumsforeining?

Frukostwebinar: Korleis jobbar ei sentrumsforeining?

Eit godt samarbeid mellom kommune og private aktørar er utfordrande, men avgjerande  for å lukkast i utvikling av eit levande og aktivt sentrum. I eit sentrum er det som regel eit mangfald av aktørar og interessar med ulike behov og omsyn som skal ivaretakast. Kommunen har ulike roller som samfunnsutviklar og mynde på ulike område og dei private aktørane er både grunn- og gårdeigarar, butikkdrivarar og leigetakarar. For å kunne lykkast med samarbeid på tvers av offentleg-privat sektor, er det eit behov for at dei private aktørane klarer å samarbeide seg imellom. I dette webinaret vil vi få høyre om erfaringar frå ulike sentrumsforeiningar. Korleis ein kan arbeide for fellesskapet i sentrum,  samarbeide med kommunen og  få til ein stabil drift av sentrumsarbeidet?

 

Påmeldingsfrist: 29. august

Dato
3. september 2024
Tid
9:00 - 10:00
Stad
Digitalt møte