Frukostwebinar: God arkitektur og gode bumiljø - kva må til?

Frukostwebinar: God arkitektur og gode bumiljø - kva må til?

 

Christian Pagh er dansk og  har en mastergrad i moderne kultur og filosofi frå Københavns Universitet og Paris VIII. Han har leia fleire prosjekt innan byplanlegging, både som partner i designbyrået Urgent Agency og i offentleg sektor.  Dei siste tre åra har han vore leiar av Norsk arkitekturtriennale som blant anna har sett nabolaget på dagsorden.  Christian er kjent som samfunnsdebattant og  som kritikar av mange byggeprosjekt i hovudstaden som han meiner ikkje bidreg positivt  til eit bymiljø for menneske. Han er ikkje berre opptatt av å kritisere men å argumentere for konkrete grep som alle nye bustadprosjekt bør ta fatt i; betre fellesrom som bygger gode nabolag. I dette webinaret vil han fortelje om kva som må til for å skape gode nabolag og bustadar.

 

Påmeldingsfrist:  28. november.

 

Dato
3. desember 2024
Tid
9:00 - 10:00
Stad
Digitalt møte