NYVEST og arealrekneskap - webinar for kommunane på Vestlandet

NYVEST og arealrekneskap - webinar for kommunane på Vestlandet

Prosjektet NYVEST inviterer alle kommunane i Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal til webinar om arealrekneskap og fjernmåling av naturtypar.

Dette webinaret vil vere spesielt relevant for planleggarar, GIS medarbeidarar og naturforvaltarar.

Vi vil presenterer arbeidet med arealrekneskap og KI-kartlegginga i NYVEST. I tillegg vil vi få presentasjonar frå kommunar i dei tre fylka, mellom anna Sola og Tingvoll. Etterpå legg vi opp til ein arbeidsverkstad med fokus på kommunane sine behov i vidare utvikling av arealrekneskap.

Lenke til påmelding: Microsoft Virtual Events Powered by Teams

Dato
30. august 2024
Tid
9:00 - 11:00
Stad
Digitalt møte

Februar 2024 markerte oppstart på prosjektet NYVEST: Nyskapande metodar for naturdata og arealrekneskap for å vise samspeleffektar mellom natur og klima på Vestlandet. Dette er eit innovasjonsprosjekt ledet av Vestland fylkeskommune, med fylkeskommunane Rogaland og Møre og Romsdal, i tillegg til NINA og Vestlandsforsking som samarbeidspartnarar.

Prosjektet har tre nøkkelord: arealrekneskap, KI-naturkartlegging og vilkår for natur- og klimaomsyn. Saman ønsker vi å gjere Vestlandet betre rusta for ein berekraftig arealdisponering i nullutsleppsamfunnet.

Arrangør

Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal fylkeskommunar

Kontakt

Even Tranmæl