Leseleiarkurs samlesing

Leseleiarkurs samlesing

Er du interessert i å lære meir om samlesing? Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr eit gratis kurs over tre dagar der du kan oppleve denne lesemetoden i praksis. Kurset er ope for bibliotektilsette, frivillige og offentleg tilsette som jobbar med høgtlesing i lesegrupper. På kurset vil du få øvingar og oppgåver som førebur deg på rolla som leseleiar. 

Tidspunkt
Onsdag 30.10.2024 10.00 - fredag 01.11.2024 16.00
Stad
Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK), Ålesund
Fem personar sitt rundt eit bord og snakkar saman om ein tekst. - Klikk for stort bileteDeltakarar i ei samlesingsgruppe engasjerer seg i høgtlesing og refleksjon, leia av ein leseleiar. Samlesing fremmer fellesskap og djupare forståing av litteraturen. Henta frå prosjektet Litterære pusterom – shared reading som fylkeskommunen hadde saman med Trøndelag fylkesbibliotek. Trøndelag fylkesbibliotek

Samlesing – shared reading på engelsk – er ein lesemetode som går ut på ein leseleiar les høgt i ei gruppe og leier ein reflekterande og undrande samtale om leseopplevinga undervegs i lesestunda. Du kan lese meir om metoden på samlesing.no.

 

På leseleiarkurset vil du oppleve samlesing i praksis og gjere øvingar og oppgåver som førebur deg på rolla som leseleiar. Kurset er ope for bibliotektilsette, frivillige og offentleg tilsette som kan jobbe med høgtlesing i lesegrupper.

 

Kurshaldar (og kontaktperson) er Åshild Widerøe frå seksjon for kultur og folkehelse i Møre og Romsdal fylkeskommune, sertifisert kurshaldar frå The Reader i England.

Tidsplan

  • Onsdag 30. oktober kl. 10–17
  • Torsdag 31. oktober kl. 10–17
  • Fredag 1. november kl. 9–16

Pris

Kurset er gratis og går over tre dagar. Lunsj er inkludert alle dagane. Reise og overnatting må deltakarane dekke sjølve.

Meld deg på

Meld deg på ved å følge denne lenka

 

Påmeldingsfrist: Fredag 18. oktober. Bindande påmelding. Plass blir bekrefta på e-post etter at påmeldingsfristen er gått ut.

Kurset er del av Møre og Romsdal fylkeskommune sine kompetansehevande tiltak for bibliotektilsette. Ved stor interesse vil derfor bibliotektilsette bli prioriterte samtidig som det blir oppretta venteliste. Det er seks plassar på kurset.

Arrangør

Møre og Romsdal fylkeskommune