Kunstnartreff

Kunstnartreff

I samarbeid med Møre og Romsdal kunstsenter inviterer Møre og Romsdal fylkeskommune til kunstnartreff på kulturhuset Plassen i Molde.

Dato
6. november 2024
Tid
17:00 - 20:00
Stad
Møre og Romsdal kunstsenter, Plassen i Molde

Kunstnarstipend – er dei viktige?

Kunstnarstipenda i Møre og Romsdal skal bidra til kunst av høg kvalitet i regionen. Det skal bidra til at kunstnarane kan bu og arbeide her. Men fungerer det? Og kvifor er det viktig?

 

I dette kunstnartreffet vil du få møte Ragnhild Aamås, styreleiar i Unge kunstneres samfund og høyre hennar tankar om dette, samt mottakarar av Møre og Romsdal sitt kunstnarstipend Liv Sønderland, kunstnar, Ai-Ling Chiu, musikar, Ine Harrang, kunstnar, Elida Linge, kunstnar, Tendai Makurumbandi, dansar, Mari Helene Høyberg, filmskapar, Britt Elise Skram, musikar og Arne Torvik, musikar. Dei vil fortelje om sine prosjekt og dele sine erfaringar.

 

Det er ein ambisjon å ha ein møteplass mellom kunstnarar på tvers av uttrykk som kan gi nye og spennande samarbeid. Møre og Romsdal fylkeskommune og Møre og Romsdal kunstsenter ønsker også å vere med på å synleggjere kunstnarane og arbeidet dei gjer.

 

Vi ønsker kunstnarar, studentar, kommunar og kunst- og kulturinstitusjonar og andre interesserte er velkommen til å delta denne kvelden.

 

Det blir enkel servering og mingling frå kl. 16.30.

 

Program

17.00-17.40: Ragnhild Aamås – UKS

17.40-17.50: Pause

17.50-18.50: Presentasjon ved kunstnere

18.50-19.00: Pause

19.00-20.00: Presentasjon kunstnere

 

Meld deg på her

 

Påmeldingsfrist er 30. oktober.

 

Kontaktperson

Camilla Wiik