Verkstad – formidling av forskingsbasert kunnskap i biblioteka

Verkstad – formidling av forskingsbasert kunnskap i biblioteka

Bibliotekarar er trygge i rolla som litteraturformidlarar, men korleis står det til med formidling av forskingsbasert kunnskap? I denne verkstaden skal vi utforske kva forskingsbasert kunnskap er, kor vi finn kjelder til open tilgjengeleg forsking, og korleis vi bruker desse kjeldene.

Dato
6. november 2024
Tid
11:00 - 16:00
Stad
Framtidslaben, Norsk maritimt kompetansesenter (NMK), Ålesund

Nasjonal bibliotekstrategi slår fast at det skal bli lagt til rette for at «biblioteka kan fungere som kunnskapsarenaer som gir brukarane tilgang til kvalitetssikra informasjon og forsking».

 

Med utviklinga mot open forsking har biblioteka og befolkninga gratis tilgang til stadig meir forskingsbasert kunnskap, men det å ha tilgang er ikkje nok i seg sjølve. Vi må også kunne rettleie brukarane i å finne, vurdere og anvende kunnskapskjelder.

 

Vi vil ta for oss teori, men aller mest blir det ei praktisk økt bygd opp rundt casar frå biblioteka, kor vi søker etter aktuell kunnskap som er opent tilgjengeleg på nettet. Målet er å gi auka tryggleik i rolla som rettleiar og kunnskapsformidlar, og å gi ei innføring i nokre aktuelle kjelder til forskingsbasert kunnskap.

 

Kurshaldarar er Trine Remvik og Cecilie Røe frå universitetsbiblioteket ved OsloMet.  

Program for verkstaden

Kl. 10.30–11.00 Registering

 

Kl. 11.00–12.30 (med pause undervegs)

  • Velkommen v/Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Introduksjon og forventingsavklaring v/OsloMet
  • Kva er open forsking, med vekt på open tilgang v/OsloMet
  • Kva kjelder har vi v/OsloMet
  • Casearbeid – søk i opne kjelder + oppsummering

 

Kl. 12.30–13.30 Lunsj

 

Kl. 13.30–16.00 (med pause undervegs)

  • Offentlege kunnskapsdokumentar i Kudos og søk etter helseinformasjon i Helsebiblioteket, med casearbeid
  • HVO sine tenester til allmennheita og folkebiblioteka v/Mariann Schjeide, biblioteksjef ved Høgskulen i Volda
  • Oppsummering v/OsloMet

 

Meld deg på

Følg denne lenka for å melde deg på verkstaden

 

Frist for påmelding er fredag 1. november 2024. Arrangementet er gratis.

 

Kontaktperson

Anne Askeland