-
Tidspunkt
-
Tysdag 05.11.2024 17.00 - torsdag 07.11.2024 14.00
-
Stad
-
Åndalsnes
Pågangsmot er nøkkelordet for årets festival. For kva er vel ein god idé om ein ikkje vågar å hoppe i det? På årets festival får vi møte nokre av dei som har våga. Somme har feila, somme har lykkast og somme ventar i spenning.
Blant innleiarane finn vi
- Jo Egil Tobiassen, gründer og grunnleggjar av Northern Playground, eit klesmerke med ein heilt spesiell forretningsmodell.
- Chul Christian Aamodt, seriegründer, investor og Entrepreneur in Residence, tar turen frå Europower i Oslo for å dele sine historier om å setje høge mål saman med teamet.
- Torill Standal Eliassen, ei av Noregs 50 fremste tech-kvinner
- Odd Weidel, investor, finansdirektør og aksjeanalytikar
Idear blir til når folk møtast
Å møte folk er den beste måten å skaffe nye kontaktar. På Innovasjonsfestivalen kjem du tett på foredragshaldarar, ressurspersonar og virkemiddelapparat. Kanskje finn du framtidas samarbeidspartnarar akkurat her. Fjordbad, bedriftsbesøk, vikingvandring og anna krydder sikrar festivalstemninga.
Arrangør
Utviklingsselskapet Nordveggen er arrangør og primus motor. Møre og Romsdal fylkeskommune er medarrangør, saman med Rauma kommune, Sparebanken Møre og Rauma næringslag.
Klikk her for påmelding og program
Arrangør
-
-
Nordveggen, Sparebanken Møre, Møre og Romsdal fylkeskommune, Rauma næringslag, Rauma kommune