Dette er ein del av kulturavdelinga i fylkeskommunen si kursrekke for grøn omstilling, og her får du lære om nye moglegheiter for miljøvenlege løysingar. Kulturrom sin daglege leiar, Karen Sofie Sørensen, presenterer tilskotsordninga “Grønnere investeringer” som støttar grøn omstilling gjennom ombruk av teknisk utstyr og bruk av eksisterande bygg. Ho vil også gå gjennom rapporten Fyrtårn eller sinke? Framtidas kulturlokaler i den grønne omstillinga, laga i samarbeid med NOKU og Norske kulturhus. Her får du sjå gode eksempel på tiltak som kan etterfølges.
Webinaret startar med ei oppdatering om dagens klima- og miljøsituasjon ved Anne Melbø frå Statsforvaltaren, og det blir også korte innlegg frå aktørar i fylket som deler sine grønne tiltak og erfaringar.
Dette er for deg som vil vere med og gjere kulturfeltet grønare. Følg lenka under og meld deg på!
Meld deg på webinaret
Målgruppe
Aktørar innanfor kunst- og kulturformidling som vil bidra til grøn omstilling for kulturfeltet. Dette kan vere festivalar, arrangørar, bibliotek, lydfirma, institusjonar og andre organisasjonar.
Kontaktperson
Lene E. Torgersen Mordal