IBBYs presentasjon av årets barne- og ungdomsbøker

IBBYs presentasjon av årets barne- og ungdomsbøker

Vi inviterer til IBBY Norsk Barnebokforum sin presentasjon av årets barne- og ungdomsbøker. Deltakarar frå Møre og Romsdal får følge ein digital versjon som blir strøyma frå Senja bibliotek.

Dato
6. desember 2024
Tid
9:00 - 15:00
Stad
Digitalt møte

Det tradisjonsrike treffet i regi av Ibby – Norsk barnebokforum gir deg ein effektiv og god oversikt over bøkene som er aktuell for målgruppe, frå dei yngste til ungdom og unge vaksne. Foredragshaldarane tek med absolutt ALT som er gitt ut på norsk det siste året for å gi tilhøyrarane alle moglegheiter til å finne rett bok til rett barn til rett tid.

 

I år blir bøkene presentert av kunst- og litteraturkritiker Anne Schäffer, forfattar og formidlar Pia Tveterås, barne- og ungdomsbokforfattar og litteraturformidlar Elin Hansson og rådgivar for samisk bibliotektjeneste Edel Olsen.

 

Ibby Norsk barnebokforum er del av den internasjonale organisasjon Ibby – International Board on Books for Young People. Du kan følge denne lenka for å lese meir om Ibby.

 

Program

09.00–10.00 Bildebøker ved Anne Schäffer 
10.00–10.15 Pause  
10.15–11.15 Faktabøker ved Anne Schäffer 
11.15–12.00 Lunsjpause 
12.00–12.30 Samiske barne- og ungdomsbøker ved Edel Olsen 
12.30–12.45 Pause  
12.45–13.45 Barnebøker ved Pia Tveterås 
13.45–14.00 Pause  
14.00–15.00 Ungdomsbøker ved Elin Hansson

 

Meld deg på

Følg denne lenka for å melde deg på det digitale treffet

 

Påmeldte får tilsendt lenke og opptak er tilgjengeleg i etterkant i to veker. 

 

Kontaktperson

Åshild Widerøe