Offentlege innkjøp i Møre og Romsdal: Korleis spare pengar og nå måla til kommunen?

Offentlege innkjøp i Møre og Romsdal: Korleis spare pengar og nå måla til kommunen?

 

Velkomen til eit interaktivt fagseminar spesielt tilpassa kommunane i Møre og Romsdal!

Dette seminaret gir deg praktisk innsikt og verktøy for å gjere smartare, meir effektive og berekraftige innkjøp. Med fokus på dei nye krava til klima og miljø i offentlege anskaffingar som vart innført 1. januar i år, får du oppdatert kunnskap som er avgjerande for framtidige anskaffingar. 

 

Dato
9. januar 2025
Tid
10:00 - 14:30
Stad
Hotel Noreg, Kongens gate 27, Ålesund

Kva kan du forvente?

  • Interaktive økter: Vi går i djupna på sentrale tema og utfordringar, med praktiske døme frå kvardagen.
  • Gruppearbeid og erfaringsutveksling: La deg inspirere av kollegaer frå andre kommunar og del eigne erfaringar.
  • Case-diskusjonar: Få konkrete råd og hjelp til å løyse utfordringar i dine eigne anskaffingar.

 

Rådgivarar frå DFØ og Offentleg Fellesinnkjøp på Agder (OFA) leier seminara og sikrar at du får mest mogleg ut av samlinga.

 

Kven bør delta?
Fagseminaret passar for alle som jobbar med anskaffingar i kommunen – enten du er ny på feltet eller ønskjer å oppdatere deg på dei nyaste krava. Innkjøpssamarbeida i Møre og Romsdal er òg inviterte. Seminaret vert arrangert parallelt med Nyttårskonferansen 2025, der offentlege anskaffingar som strategisk verktøy for berekraftig samfunnsomstilling òg er eit sentralt tema.

 

Program 

10.00: Velkomen

10:15: Gode offentlege anskaffingar: Fem prinsipp for offentlege anskaffingar og eigne eksempel frå deltakarane.

11:15: Pause/lunsj

11:45: Offentlege innkjøp i Møre og Romsdal: Spendanalyse og anskaffingsundersøkinga

12:15: Den juridiske timen: Evalueringsmodellar, FOA 7-9, Norgesmodellen

13:15: Pause

13:30: Case-arbeid: Deltakarane legg fram ei anskaffing dei arbeider med

14:30: Kva skal til for å gjere offentlege innkjøp i Møre og Romsdal endå betre?

14:40: Slutt

 

 

Lenke til påmelding: https://forms.office.com/e/uu7TeUnTEB

 

Pris: Gratis

 

Påmeldingsfrist: Torsdag 19. desember 2024

 

 

 

Arrangør

Møre og Romsdal fylkeskommune

Kontakt

Solveig Stornes