Frukostwebinar: Frå veg til gate - kva seier vegnormalane?

Frukostwebinar: Frå veg til gate - kva seier vegnormalane?

 

Innleiar: Shawnem Abdulkarim Abdulkader, Statens vegvesen

 

Shawnem Abdulkarim Abdulkader arbeider med berekraftig mobilitet og byutvikling i Statens vegvesen. I dette webinaret vil ho med utgangspunkt i Statens vegvesen sin rettleiar om gater fortelje om korleis gater kan planleggast, og kva handlingsrom som finst i for å utforme gode og stadtilpassa gater. Gaterettleiaren er først og fremst eit verktøy i tidleg planfase og skal gi fagleg grunnlag for å gjere naudsynte avklaringar og prioriteringar som grunnlag for vidare detaljering.  Shawnem vil og presentere døme på gateutforming tilpassa ulike situasjonar.

 

Påmeldingsfrist: 20. februar 2025

 

Dato
25. februar 2025
Tid
9:00 - 10:00
Stad
Digitalt møte

Arrangør

Møre og Romsdal fylkeskommune

Kontakt

Grete Kongshaug