Informasjonsmøte om etablering og drift av studiesenter

  • Hending

Informasjonsmøte om etablering og drift av studiesenter

Dato

Fredag 6. februar 2026

Tidspunkt

kl. 10.00 - 14.30

Stad

St. Carolus, Bjørnstjerne Bjørnsons veg 6, Molde

Fylkeskommunen inviterer til informasjonsmøte om ordninga «Etablering og drift av studiesenter». Hovudmålgruppa for møtet er aktuelle søkarar på ordninga. Andre interesserte, som kommunar og utdanningsinstitusjonar, er også velkomne. 

Kva er eit studiesenter?

Eit studiesenter er ein fysisk møteplass og læringsmiljø som legg til rette for desentralisert og fleksibel utdanning og kompetanseutvikling i distrikta i samsvar med behova til individ og offentlege og private verksemder. Det er vidaregåande skolar, fagskolar, høgskolar og universitet som er fagleg ansvarleg for tilboda ved studiesentera.

Fylkeskommunen lyste ut midlar til ordninga første gong i 2025. KompetanseHUB Romsdal, lokalisert på Åndalsnes og med nedslagsfelt i Romsdalsregionen, fekk støtte for åra 2026 og 2027.

Fylkeskommunen vil i løpet av første halvdel av 2026 lyse ut nye midlar til studiesenter i Møre og Romsdal.

Foreløpig agenda for møtet

  • Studiesenterordninga i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen vil dele erfaringar frå utlysinga i 2025 og presentere våre perspektiv fram mot utlysing i 2026.
  • Studiesenteret Midt-Troms deler sine erfaringar som studiesenter
  • KompetanseHUB Romsdal presenterer status og planer framover
  • Kort verkstad - korleis kan fylkeskommunen, studiesenter og utdanningsinstitusjonar samarbeid for at studiesenter vert eit best mogleg verktøy i Møre og Romsdal. 

Det vil bli sett av tid til spørsmål og diskusjon.  Agendaen kan bli justert. 

Les meir om ordninga på nettsida til fylkeskommunen (utlysing 2025) .  Ordninga har heimel i Forskrift om Kommunal- og distriktsdepartementets tilskot til kompetanse og arbeidskraft i distrikta.
 

Påmelding til informasjonsmøte studiesenter

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Møre og Romsdal fylkeskommune

Kontakt

Øyvind Tveten

Om staden

Namn

St. Carolus, Bjørnstjerne Bjørnsons veg 6, Molde