Etablering og drift av studiesenter

Fylkeskommunane har fått midlar frå Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) øyremerka etablering og drift av studiesenter. Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut inntil 6,85 mill. kroner til studiesenter i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen vil kunne tildele støtte til inntil tre studiesenter i 2026. Søk gjennom regionalforvaltning.no.

Kva er eit studiesenter

Eit studiesenter er ein fysisk møteplass og læringsmiljø som legg til rette for desentralisert og fleksibel utdanning og kompetanseutvikling i distrikta i samsvar med behova til individ og offentlege og private verksemder. Det er vidaregåande skolar, fagskolar, høgskolar og universitet som er fagleg ansvarleg for tilboda ved studiesentera.

Studiesentera blir oppmoda til å samarbeide med andre aktørar om å bruke eksisterande lokale til undervisning og samlingar.

Mål med ordninga

Studiesenterordninga skal bidra til at utdanning og kompetanseutvikling blir tilgjengeleg for innbyggarar og tilsette i verksemder som ikkje kan følgje ordinær undervisning ved dei faste studiestadane som følge av lange avstandar.

Måloppnåing skal bli vurdert etter følgande kriterium

  1. auka innsats for etablering av fleire etterspurde fleksible og/eller desentraliserte tilbod om utdanning
  2. auka tal på personar som tileignar seg etterspurd kompetanse
  3. fleire utanfor arbeidslivet får utdanning og kompetanseutvikling.  

Ordninga har heimel i Forskrift om Kommunal- og distriktsdepartementets tilskot til kompetanse og arbeidskraft i distrikta.

Kven kan søke om tilskot

Private og offentlege verksemder, stiftelsar og organisasjonar med org.nr. i Brønnøysundregistera kan søke om tilskot til studiesentera.

Søknad og søknadsfrist

  • Søknadsfrist: 13. mai 2026

Søk i regionalforvaltning.no