Arkeologi i Møre og Romsdal – Mørejarlens Rike

  • Hending

Arkeologi i Møre og Romsdal – Mørejarlens Rike

Dato

Onsdag 5. mars 2025

Tidspunkt

kl. 09.30 - 17.30

Sted

Viti Sunnmøre Museum

Velkommen til samling med faggruppa Arkeologi i Møre og Romsdal (AMR). Tema for samlinga er Mørejarlens rike og er ein hyllest til tidlegare fylkesarkeolog Bjørn Ringstad i anledning hans 70-årsdag. Arrangementet finn stad på VITI Sunnmøre Museum i Ålesund 5. mars 2025, og byr på spennande foredrag om arkeologi i Møre og Romsdal.

Samlinga om Mørejarlens rike er ei moglegheit til å dykke ned i arkeologiens verd i Møre og Romsdal. Programmet inkluderer foredrag om maktsenter og storhaugar, samfunn og infrastruktur, nye funn og metodar, samt tilbakeblikk på viktige arkeologiske oppdagingar. 

 

Kva er faggruppa Arkeologi i Møre og Romsdal (AMR)?

Bakgrunnen for AMR-seminara er behovet for eit samlingspunkt for arkeologien i fylket. Det første seminaret vart heldt i 2019, og det vart samtidig oppretta ei faggruppe med representantar frå fylkeskommunen, landsdelsmusea, regionmusea og universitets- og høgskolesektoren i fylket.
Seminaret skal vere opent for alle med interesse for arkeologi i Møre og Romsdal. Primært vil tematikken vere arkeologi, men formar for tverrvitskapelege vinklingar er viktige. Hovudmålet for AMR-seminara er å skape ein arena for arkeologar og arkeologiinteresserte i Møre og Romsdal, med følgande undermål:

  • Skape eit regionalt nettverk for arkeologi i Møre og Romsdal
  • Fagleg oppdatering på arkeologi frå dei ulike institusjonane (teori, metode, forsking, litteratur osv.)
  • Stimulere til prosjektarbeid og samarbeid

 

Pris og påmelding

Du kan melde deg på samlinga ved å følge denne lenka. Samlinga er gratis og inkluderer ein enkel lunsj på Sunnmøre museum.

Frist for påmelding er fredag 14. februar. Påmeldinga er bindande.

 

Middag og overnatting

Det blir felles middag på Anno på kvelden 5. mars for dei som ønsker det. Følg denne lenka for å sjå Anno sin treretters gruppemeny.

Møre og Romsdal fylkeskommune har reservert rom på Quality Hotel Waterfront for de som ønsker å bu der i samband med samlinga.

Deltakarane dekker sjølv middag og overnatting.

Du kan sjå heile programmet for samlinga ved å følge denne lenka (PDF, 693 kB).