Å skape kultur for lesing – biblioteket som ressurs i skolen

  • Hending

Å skape kultur for lesing – biblioteket som ressurs i skolen

Dato

Onsdag 5. mars 2025

Tidspunkt

kl. 09.00 - 12.00

Sted

Digitalt møte

Bibliotekutvikling i Møre og Romsdal og Rogaland fylkeskommunar inviterer til digital erfaringskonferanse om skolebibliotekutvikling 5. mars, kl. 09.00–12.00. Konferansen er utvikla i samarbeid med Bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune.

På konferansen vil vi sjå på korleis skolebiblioteket kan vere ein ressurs i leseopplæringa og i arbeidet med å stimulere til leselyst og leseglede. Eit utval prosjektkommunar deler erfaringar frå arbeidet med skolebibliotekutvikling, og vi får fagleg oppdatert kunnskap om elevane sine lesevanar ved Astrid Roe. Roe har lang erfaring frå arbeid med lesedelen i PISA og har forska på haldningar til lesing blant norske skoleelevar. Ho har skrive ei rekke bøker om lesing.

Fleire kommunar på vestlandet har fått tilskot frå Utdanningsdirektoratet til skolebibliotekutvikling sidan ordninga vart oppretta i 2018, nokre av kommunane fleire gonger. Gjennom desse åra er det opparbeidd mykje kunnskap om utvikling av skolebibliotek i fylka våre. Fleire av kommunane har etablert tettare samarbeid mellom skole og folkebibliotek i prosjektperioden.

Målgruppa for konferansen er kommune- og skoleleiarar, lærarar, skolebibliotekarar og tilsette i folkebibliotek. Konferansen er for alle som er interesserte i skolebibliotekutvikling, både kommunane som har fått Udir-midlar og dei som berre ønskjer fagleg påfyll og inspirasjon.

Du kan lese meir om tilskot til skulebibliotek på nettsida til Utdanningsdirektoratet.

 

Program

Kl. 09.00 Velkommen v/ Mona Iren Auganæs, fylkesbiblioteksjef Møre og Romsdal fylkeskommune  

Kl. 09.10 Elevar sine lesevanar endrar seg – korleis møter vi utfordringane, og korleis kan skolebiblioteket bidra? v/ Astrid Roe, seniorforskar ved Institutt for lærarutdanning og skoleforsking ved Universitetet i Oslo

Kl. 09.50 Presentasjon av prosjektet “Skolebiblioteket som utjevningsarena” v/ Kari Helgeland i Haugesund kommune

Kl. 10.10 Presentasjon av prosjekt “Å lage ein skolebibliotekplan er enklare enn du trur” v/ Hege Steinsland i Ålesund kommune

Kl. 10.30 Pause

Kl. 10.45 Presentasjon av prosjektet “Frå lagerlokale til levande rom” v/ Trine Torsvik i Øygarden kommune

Kl. 11.05 Gruppesamtalar om å søke Udir-midlar

Kl. 11.35 Skolebibliotekplakaten. Ei arbeidsgruppe frå Vestland har utarbeidd framlegg til ein minstestandard for skolebibliotek som skal til behandling i kommunane v/ Ketil Reigstad, barne- og ungdomsbibliotekar i Austevoll kommune

Kl. 11.55 Oppsummering og avslutning v/ Britt Ellingsdalen, fylkesbiblioteksjef i Rogaland fylkeskommune

Kl. 12.00 Slutt 

Påmelding

Det er ingen påmeldingsfrist og det er gratis å delta.

Du kan melde deg på erfaringskonferansen ved å følge denne lenka.