Regional konferanse om negativ sosial kontroll og æresrelatert vald

  • Hending

Regional konferanse om negativ sosial kontroll og æresrelatert vald

Dato

Torsdag 27. mars 2025

Tidspunkt

kl. 09.00 - 15.30

Stad

Scandic Seilet Molde

Målet med konferansen er at alle som arbeider med barn, ungdom og vaksne kan gjenkjenne personar som blir utsett for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, og får auka forståing og kompetanse om korleis ein skal handle. 

Tema

Nasjonal kartlegging viser at dei fleste som blir utsett for tvangsekteskap og æresdrap har vore i kontakt med hjelpeapparat, utan å ha fått riktig hjelp. Manglande kompetanse, merksemd eller rutinar er nokre av grunnane. Det er behov for meir systematisk og kunnskapsbasert praksis i hjelpeapparatet. Tema for konferansen er fenomenforståing, æresdrap, sosiale media, opplysningsplikt, avvergingsplikt og meldeplikt.

Målgruppe: 

Tilsette i barnehage, grunnskole, videregåande opplæring, vaksenopplæring, introduksjonsprogram, flyktningetenesta, helsetenesta, barnevernstenesten, fastlegar, familievern, psykisk helsevern, politi, nav-kontor, krisesenter, frivilligheita og andre interesserte.

Arrangør:

Regionalt nettverk om æresrelatert vold, negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlestelse: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Statsforvaltaren i Trøndelag, Møre og Romsdal fylkeskommune, Trøndelag fylkeskommune, Politiet i Møre og Romsdal og Politiet i Trøndelag, UDI Midt-Norge, Bufetat Midt-Norge og RVTS Midt.

Program og påmelding (rvtsmidt.no)

Praktisk informasjon

Blir arrangert av

Møre og Romsdal fylkeskommune (medarrangør)