Fysiske samlingar - Møtearena for forsking og innovasjon i kommunane - delta gjerne på fleire!

  • Hending

Fysiske samlingar - Møtearena for forsking og innovasjon i kommunane - delta gjerne på fleire!

Dato

Mandag 2. juni 2025

Tidspunkt

kl. 10.00 - 12.00

Stad

Volda

Fjorårets arbeidsverkstader mellom kommunar og forskingsmiljø vart ein suksess! Vi følgjer opp suksessen med møtearena for forsking og innovasjon i kommunaneSaman med Kommunanes samarbeidsarena for forsking (KSF), Norges Forskningsråd, Helseinnovasjonssenteret, Høgskulen i Molde, NTNU Ålesund og Høgskulen i Volda har Møre og Romsdal fylkeskommune gleda av å invitere deg/din organisasjon til møtearena for forsking og innovasjon i offentleg sektor.

Det blir arrangert fire fysiske samlingar i juni. På dei fysiske samlingane blir aktuelle prosjekt, satsingar og kunnskapsbehov som kommunane sjølv har meldt inn diskutert. Meir informasjon og invitasjon til å sende inn tema vil kommunane få tilsendt i eigen epost.

Målgruppa: Forskingsmiljø og andre aktørar med interesse for forskingsbasert kunnskapsutvikling for og med kommunane. 

Formål: Vi vil at møtearenaen skal bidra til å bygge bru mellom kommunar og forskingsmiljø og legge til rette for samarbeid om forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling for og med kommunane. Det er ein unik moglegheit for å bli betre kjent med forsking som verktøy for kommunane, dialog om korleis forsking kan bidra til å møte kommunanes utfordringar og moglegheiter og innsikt i verkemiddel og støtte for forsking i kommunane.

Stad og dato for samlingane:

  • Volda – måndag 2. juni på møterom Vekselstrøm, Hans Strøm-huset, Høgskulen i Volda.
  • Kristiansund – onsdag 4. juni på Campus Kristiansund.
  • Ålesund – torsdag 5. juni på Smia (rom 1401), Sundebygget, NTNU Ålesund.
  • Molde – fredag 6. juni på InnbyggerLaben Innom, Storgata 44, Molde.

Tid: 10.00-12.00. Etter samlingane (frå kl. 12.00) spanderer vi felles lunsj på deltakarane. Her blir det moglegheiter for å bli endå betre kjent og knytte kontaktar.

Påmelding:

Vennlegast bekreft di deltaking innan 26. mai ved å melde deg på her. Arrangementa er gratis å delta på.

Kvifor delta?

Grip sjansen til å etablere nye samarbeid på tvers av fagområde og sektorar. Kommunane sine utfordringar kan berre løysast i fellesskap – vi treng ditt bidrag!

Vi håper du har høve til å delta og ser fram til inspirerande og lærerike samlingar saman med deg!

Vidaresend gjerne denne invitasjonen til andre som kan ha interesse av å delta.

 

Praktisk informasjon

Om arrangør

Blir arrangert av

Møre og Romsdal fylkeskommune

Kontakt

Guri Kaurstad Skrove