Carl Anders Olsson frå Riksantikvaren viser korleis både privatpersonar og offentleg forvaltning kan bruke Kulturminnesøk.
Skjermdump frå nettsida til Kulturminnesøk. Kulturminnet Skillingsetra har blitt registrert av ein privatperson. Skjermdump frå Kulturminnesøk
Kulturminnesøk er Riksantikvaren si publikumsvennlege kartteneste der alle kan legge inn informasjon, bilde og tekstar om kulturminne. Tenesta inneheld informasjon om over 220 000 objekt, inkludert freda bygningar, kulturmiljø, verdsarvstader, kyrkjer, arkeologiske kulturminne og kulturminne under vatn.
Formålet med kurset er å styrke det digitale informasjonsgrunnlaget i heile Møre og Romsdal. Vi veit at mange sit med verdifull kunnskap om sine lokale kulturminne. Kulturminnevernet er heilt avhengig av frivillig innsats, og vi ønsker at så mykje kunnskap som mogleg blir digitalisert i Kulturminnesøk. Dette vil gi både offentleg forvaltning og publikum eit betre digitalt kunnskapsgrunnlag, som kan formidlas til kommande generasjonar.
Målgruppa
Kurset er ope for både privatpersonar og for tilsette i offentleg forvaltning.
Anna informasjon
Det er ein fordel om du har oppretta eigen brukar før kurset. Det kan du gjere ved å følge denne lenka.
Påmelding
Meld deg på kurset
Kontaktperson
Sofie Molnes Søvik