Bakgrunn
Maritim industri er ei særs viktig næring i Møre og Romsdal. Gjennom prosjektet Erasmus+ LEADERSHIP samarbeider fylkeskommunen og Mafoss med europeiske partnarar om framtidas kompetansebehov i maritim næring. Formålet er å styrke konkurranseevna til ei næring i stadig endring, og da treng vi tett dialog med bedriftene.
Utdanningsinstitusjonane i regionen er ønskjer å tilpasse utdanningstilbodet sitt. Blant deltakarane er NTNU Ålesund, Fagskolen i Møre og Romsdal, Ulstein vgs, Herøy vgs og Ressurssenteret Søre Sunnmøre.
Demografiske utfordringar
I tillegg til at kompetansebehovet er i endring, vil både offentleg og privat sektor framover få kjenne på utfordringane med den demografiske utviklinga. Dette er ei utfordring Møre og Romsdal deler med Europa og Noreg. Konsekvensen er at vi får færre personar i yrkesaktiv alder framover.
I tillegg til å jobbe betre med å inkludere fleire i arbeid, sørge for at fleire står lenger i jobb og sørge for mindre fråfall pga. sjukdom, er vi også avhengig av å omstille oss til ei framtid der vi må klare oss med færre tilsette.
Det blir enda viktigare framover at arbeidsgivarar, arbeidstakarar og utdanningsinstitusjonar må samarbeide tett for å forstå behov og gjere tilpassingar som er nødvendige. Slik at arbeidslivet skal ha best mogleg tilgang på den kompetansen dei treng.
Program
- Innleiing frå fylkeskommunen og Mafoss
- Kompetansebehov i bedriftene på kort og lenger sikt – arbeid i grupper
- Presentasjon i plenum og avslutning
Det kan kome små endringar i programmet.
Møtet vert avslutta med lunsj kl. 12.00
Påmelding til verkstad om kompetansebehov i maritim næring