Fylkeskulturkonferansen 2024 – «Ringverknadar – dyrtid, deltaking og drivkraft»

Fylkeskulturkonferansen 2024 – «Ringverknadar – dyrtid, deltaking og drivkraft»

Er det ein samanheng mellom deltaking i kulturlivet og god folkehelse? Årets fylkeskulturkonferanse vil utforske denne problemstillinga frå ulike vinklingar. Korleis påverkar tida med uro og dyrtid deltakinga i kulturlivet og korleis kan vi samarbeide for å løyse dette?

Tidspunkt
Onsdag 11.09.2024 10.00 - torsdag 12.09.2024 14.00
Stad
Scandic Seilet Molde

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer deg til ein spennande konferanse om korleis deltaking i kulturlivet påverkar liva våre. Konferansen vil utforske ulike perspektiv på korleis aktiv deltaking i kulturaktivitetar kan ha ei positiv innverknad på folkehelsa.

 

Til konferansen kjem blant anna Jens Kihl, kulturredaktør i Bergens Tidende og Åse Kristin Ask Bakke, stortingspolitikar og medlem i familie- og kulturkomiteen. Telemarksforsking skal presentere rykande ferske resultat på frivilligundersøkinga i Møre og Romsdal og kulturdepartementet vil snakke om si nye handlingsplan for deltaking i kultur, idrett og friluftsliv for barn og unge. I tillegg kjem Bente Løkken for å presentere si doktorgrad «Kulturdeltakelse i et folkehelseperspektiv».

 

Vi vil òg snakke om økonomi som barriere og det vil vere mykje rom for dialog. Vi legg opp til ulike aktivitetar både undervegs og i pausane. Dette er ei unik moglegheit til å lære meir om korleis kultur kan bidra til auka livskvalitet, trivsel og helse. Vi håpar du vil delta og bidra til å gjere konferansen til ein inspirerande og lærerik oppleving.

Målgruppe

Kommunalt tilsette som arbeider med kultur og frivilligheit, folkehelsekoordinatorar og andre som arbeider med folkehelse, tilsette i organisasjonar og institusjonar i Møre og Romsdal, frivillige, politikarar og andre interesserte.

Påmelding

Fristen for å melde seg på var fredag 14. juni. Påmeldinga er bindande etter denne fristen.

Rakk du ikkje påmeldinga? Send ein e-post til Anna Lianes eller Maren Ormsettrø.

Pris

Konferansen

  • Dagpakkar: 150 kroner per dag, til saman 300 kroner for begge dagar
  • Middag: 525 kroner

 

Deltakarane må betale dagpakkar, overnatting og middag sjølve og du får faktura på dagpakkar og middag frå fylkeskommunen.

Overnatting

Vil du overnatte på Scandic Seilet er prisen 1670 kroner per natt. Overnattinga må du bestille sjølv. Fylkeskommunen held av eit visst tal rom fram til 3. august. Då slepp hotellet desse. Overnatting kan du bestille via denne lenka eller besøk nettsida til Scandic og bruk bookingkode BMOE100924 for å få avtalepris.

 

Totalpris for «full pakke» er 2495 kroner per person.

 

Kontaktperson

Anna Lianes

Arrangør

Møre og Romsdal fylkeskommune