Vikingtidsarven og reiselivet – fagleg samling på Åndalsnes

  • Hending

Vikingtidsarven og reiselivet – fagleg samling på Åndalsnes

Dato

Tirsdag 8. desember 2026

Tidspunkt

kl. 11.00 - 16.00

Stad

Åndalsnes, Grand hotell

Last ned kalenderfil (.ics)

Korleis kan vi utvikle vikingtidsarven som ein ressurs for reiselivet? Vi inviterer aktørar innan kultur, museum og reiseliv til fagleg påfyll, erfaringsdeling og workshop.

Kvifor inviterer vi til samlinga?

Møre og Romsdal fylkeskommune deltek saman med ti andre fylkeskommunar i eit prosjekt som skal utforske grunnlaget for ei nasjonal satsing på vikingtidsarven.

Vikingtida er ein kjend og myteomspunnen epoke i norsk historie, og fleire initiativ gjer temaet særleg aktuelt framover. Mellom anna nærmar vi oss tusenårsjubileet for slaget på Stiklestad i 2030. I Møre og Romsdal har vi også vår eiga satsing fram mot jubileet gjennom Valldalsleia 2029.

For å utvikle ei slik satsing treng vi kunnskap og innspel frå aktørane i fylket som arbeider med vikingtidsarven og opplevingar knytte til han.

På samlinga ønskjer vi derfor å utforske:

  • Kva ambisjonar har aktørane i Møre og Romsdal?
  • Kva utviklingsmoglegheiter ser dei?
  • Kva bør ei nasjonal satsing innehalde?
  • Korleis kan vi arbeide vidare med vikingtidsarven og reiselivet i Møre og Romsdal?

Program / innhald

  • Velkomen og bakgrunn ved Arve Nytun og Lillian Sæther
  • Musea i Møre og Romsdal: Korleis arbeider dei tre regionmusea med vikingtidsarven, og kva opplevingar og tilbod har dei for besøkande?
  • Hodr Vikingsete: status, planar og visjonar framover
  • Horgheim Skysstasjon ved Liv Jorunn Horgeim: status, planar og visjonar framover
  • Visit Northwest AS: trendar i reiselivet, kva dei reisande etterspør, og kort om prosjektet saman med Hareid kommune
  • Frå regionalt samarbeid til ei mogleg nasjonal satsing: orientering om mellomprosjektet ved Ståle Brandshaug, 2469 Reiselivsutvikling
  • Lunsj

Etter lunsj blir det workshop: Kva bør ei satsing på vikingtidsarven innehalde, og kva ønskjer vi å utvikle vidare i Møre og Romsdal? Workshopen blir leia av 2469 Reiselivsutvikling i samarbeid med Arve Nytun og Lillian Sæther.

Arrangementet er gratis.

Påmelding

  • Påmeldingsfrist: tirsdag 1. desember

Kontakt

Lillian Sæther
Rådgivar - reiseliv
Møre og Romsdal fylkeskommune
71 28 01 23 | lillian.sether@mrfylke.no

Arve Eiken Nytun
Rådgivar - kultur 
Møre og Romsdal fylkeskommune
71 28 03 25 | arve.nytun@mrfylke.no

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Møre og Romsdal fylkeskommune

Om staden

Namn

Åndalsnes, Grand hotell

Om arrangementet

Pris vaksen
0