Velkommen til årets siste webinar for folkehelsenettverket i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune. Helsetilsynet vil presentere resultata frå det landsomfattande tilsynet på kommunane sitt langsiktige og systematiske folkehelsearbeid for å fremme god psykisk helse hos barn og unge. Statsforvaltaren vil presentere resultatane frå fylket. Elles vil fylkeskommunen sette av tid til å dele informasjon på slutten av webinaret. Detaljert program kjem.
Webinaret er opna for påmelding, så meld dykk på no!
Målgruppa for webinaret er alle folkehelseinteresserte i kommunane og fylkeskommunen, for eksempel folkehelsekoordinatorar, samfunnsplanleggarar, leiarar, kulturarbeidarar og alle dei som jobbar med barn og unge.
Meld deg på
Følg denne lenka for å melde deg på webinaret
Kontaktperson
Maren Ormsettrø